Publisert 23.09.2026

Kraftsituasjonen veke 38, 2026

Godt med tilsig og høgare magasinfylling

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Godt med tilsig i veke 38 gav ein auke i magasinfyllinga for Noreg samla på 2,3 prosentpoeng. Periodar med høg vindkraftproduksjon i Norden og omkringliggjande land, gav timar med låge kraftprisar mot slutten av veka. Dette bidrog til ein prisnedgang frå veka før, unnateke i Nord-Noreg (NO4) der prisen var tilnærma uendra.

Auka magasinfylling i alle bodområda
I veke 38 auka magasinfyllinga samla sett for Noreg med 2,3 prosentpoeng, og magasinfyllinga gjekk opp i alle dei norske bodområda. Godt med tilsig i Sørvest-, Vest- og Midt-Noreg (NO2, NO5 og NO3), saman med lågare eller tilnærma uendra vasskraftproduksjon, bidrog til auken.

Høgare vindkraftproduksjon
Ikkje sidan veke 17 har det vore produsert meir vindkraft over ei veke i verken Noreg eller Norden samla sett. Nord på kontinentet var det også ein stor auke i vindkraftproduksjonen frå veka før, og i Storbritannia har ikkje vekeproduksjonen frå vindkraft vore høgare sidan veke 13. Vi er no inne i ein del av året der ein kan vente høgare bidrag frå vindkraftproduksjon. I eit vêrbasert kraftsystem, kan likevel vindkraftproduksjonen variera mykje frå veke til veke også framover.

Til liks med veka før, var mykje av produksjonskapasiteten i nordisk kjernekraft redusert grunna planlagt vedlikehald. Produksjonen frå kjernekraft i veke 38 var på det lågaste nivået sidan veke 21 i 2021. Det pågåande vedlikehaldet er venta å vare i fleire veker framover noko som kan påverka kraftprisane, særleg i periodar med lite vindkraftproduksjon eller høgt forbruk.

Lågare kraftprisar
Kraftprisane fall i alle bodområda i Noreg, unnateke i Nord-Noreg (NO4) der vekeprisen var tilnærma uendra frå veka før. Periodar med mykje vindkraft mot slutten av veka og redusert forbruk på grunn av helg, bidrog til mindre fossil kraftproduksjon på kontinentet. Dette gav fleire timar med låge prisar samanlikna med veka før, noko som bidrog til lågare kraftprisar også i Noreg.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 120 øre/kWh (-28 øre/kWh frå veke 37)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 126 øre/kWh (-36 øre/kWh frå veke 37)
  • Midt-Noreg (NO3): 100 øre/kWh (-11 øre/kWh frå veke 37)
  • Nord-Noreg (NO4): 39 øre/kWh (+1 øre/kWh frå veke 37)
  • Vest-Noreg (NO5): 116 øre/kWh (-33 øre/kWh frå veke 37)

Auka gassprisar
Trass noko nedgang i gassprisane i veke 38, har gassprisane dei siste vekene auka, og er no på same nivå som ved årskiftet 2022/2023. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg kan variere mykje frå veke til veke. Verknaden vil avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissetjande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandssambanda.

Rapporteringsordning i Midt-Noreg
NVE har denne veka sendt vedtak om rapporteringsordning for vasskraftprodusentane i Midt-Noreg (NO3). Første innrapportering er planlagd i veke 41.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 38 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Martha Johanne Pedersen

Epost: majp@nve.no