Kraftsituasjonen veke 37, 2020 - NVE

Mykje vindkraftproduksjon og lågare kraftprisar

Etter to veker med auke, sank kraftprisen i Noreg førre veke. Gjennomsnittleg kraftpris for veka var 12,4 øre/kWh, ein reduksjon på 25 prosent samanlikna veka før. Reduksjonen hang blant anna saman med ei auke i nordisk vindkraftproduksjon.

Førebels tal visar at nordiske vindkraftverk produserte 1,48 TWh førre veke, som er dobbelt så mykje som veka før. Sjølv om Noreg framleis har låge kraftprisar og høg eksport, var det enkelte timer med lågare kraftprisar i Danmark og Nederland. Dette resulterte i at Noreg importerte kraft.

Eksportkapasiteten frå Nord-Noreg til Nord-Sverige vart ytterlegare redusert førre veke. I tillegg vart eksportkapasiteten mellom Nord- og Midt-Noreg redusert. Desse avkortingane i eksportkapasitet ut frå Nord-Noreg vil halde fram i fleire veker grunna planlagt vedlikehald.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 37 her.