Publisert 09.09.2026

Kraftsituasjonen veke 36, 2026

Lågare kraftprisar og noko høgare magasinfylling

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Meir vindkraftproduksjon på kontinentet bidrog til lågare kraftprisar i dei fleste norske prisområda i veke 36. Samstundes gjekk produksjonen frå vasskraft med magasin ned, medan tilsiget auka noko. Dette bidrog til at fyllinga i dei norske vassmagasina gjekk litt opp førre veke. Det var nettoimport av kraft til Noreg for andre veke på rad.

Lågare vasskraftproduksjon frå magasin
Tilsiget til dei norske vassmagasina auka noko i veke 36. Det høgare tilsiget bidrog til auka produksjon frå elvekraft, medan produksjonen frå vasskraft med magasin gjekk ned. Samla bidrog dette til at fyllingsgraden i magasina auka noko frå veka før. I Sørvest-Noreg (NO2) var vasskraftproduksjonen særleg låg, og ein må tilbake til september 2022 for å finne lågare vasskraftproduksjon over ei veke i dette området.

Lågare kraftprisar og nettoimport til Noreg
Auka vindkraftproduksjon sør i Norden og på kontinentet bidrog til lågare kraftprisar i veke 36 samanlikna med veka før. Dette gav lågare kraftprisar også i dei norske prisområda, bortsett frå i Nord-Noreg (NO4).

Nord i Norden var vindkraftproduksjonen lågare enn veka før. Dette bidrog til høgare kraftprisar og meir produksjon frå vasskraft med magasin i Nord-Noreg. Samstundes var det planlagde vedlikehaldet som avgrensa overføringskapasiteten mellom Nord-Noreg og Midt-Noreg (NO3) veka før avslutta. Dermed kunne meir kraft flyttast sørover i Noreg, som bidrog til ein auka import til Midt-Noreg og sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5).

Mot slutten av førre veke kom overføringsforbindinga mellom Sørvest-Noreg og Storbritannia tilbake i drift etter planlagt vedlikehald. Det vart starta opp eit vedlikehaldsarbeid på overføringskapasiteten mellom Sørvest-Noreg og Danmark. Dette ga lågare handelskapasitet og bidrog til ein nedgang i eksporten til Danmark. Samla var det nettoimport av kraft til Noreg på om lag same nivå som veka før.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 122 øre/kWh (-20 øre/kWh frå veke 35)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 131 øre/kWh (-14 øre/kWh frå veke 35)
  • Midt-Noreg (NO3): 111 øre/kWh (-28 øre/kWh frå veke 35)
  • Nord-Noreg (NO4): 30 øre/kWh (+18 øre/kWh frå veke 35)
  • Vest-Noreg (NO5): 126 øre/kWh (-16 øre/kWh frå veke 35)

Auka gassprisar
Dei siste vekene har gassprisane auka og er no på det høgaste nivået sidan januar 2023. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg vil kunne variere mykje frå veke til veke. Verknaden vil avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissettande teknologien. Dei norske kraftprisane blir videre igjen påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsane.

NVE varslar rapporteringsordning i Midt-Noreg
NVE har varsla rapporteringsordning for vasskraftprodusentane i Midt-Noreg (NO3) som kan lesast her: NVE varsler rapporteringsordning for vannkraftprodusenter i Midt-Norge - NVE

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 36 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Marte Hoff Hvamstad

Epost: mahh@nve.no