Kraftsituasjonen veke 35, 2026
Redusert vasskraftproduksjon og nettoimport til sørlege Noreg
NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten
Vil du bidra? Del innspela dine her
Auka sol- og vindkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar på kontinentet og redusert vasskraftproduksjon i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) i veke 35. Saman med vedlikehald i nettet bidrog dette til at det vart nettoimport til sørlege Noreg over veka. Trass i den lågare vasskraftproduksjonen, bidrog lågt tilsig til at fyllinga i dei norske vassmagasina gjekk noko ned førre veke.
Førre veke varsla NVE rapporteringsordning for vasskraftprodusentane i Midt-Noreg (NO3) som kan lesast her: NVE varsler rapporteringsordning for vannkraftprodusenter i Midt-Norge - NVE
Lite tilsig bidrog til lågare magasinfylling
Det kom lite tilsig til dei norske vassmagasina i veke 35. Over veka var tilsiget lågare enn vasskraftproduksjonen, noko som bidrog til at fyllingsgraden i dei norske vassmagasina gjekk noko ned.
Redusert vasskraftproduksjon og nettoimport til sørlege Noreg
Auka sol- og vindkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar fleire stader nord på kontinentet i veke 35 samanlikna med veka før. Dette gav lågare kraftprisar også i sørlege Noreg og medverka til redusert vasskraftproduksjon her. Dette bidrog til at det var meir balansert kraftutveksling mellom Sørvest-Noreg (NO2) og kontinentet. Samstundes var overføringsforbindinga mellom Sørvest-Noreg og Storbritannia ute på grunn av planlagt vedlikehald heile veka, noko som bidrog til ein stor nedgang i eksporten til Storbritannia. Samla bidrog dette til at det vart nettoimport av kraft til sørlege Noreg førre veke.
Høgare kraftprisar i Midt-Noreg
Planlagt vedlikehald i nettet førre veke bidrog til at importkapasiteten frå Nord-Noreg (NO4) til Midt-Noreg (NO3) var lågare delar av veka. I same periode var vindkraftproduksjonen i Midt-Noreg særs låg, og dyrare vasskraftproduksjon måtte dekkje meir av kraftetterspurnaden. Dette gav periodar med høge kraftprisar. Sett over veka fekk Midt-Noreg eit prisnivå på nivå med sørlege Noreg.
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
- Søraust-Noreg (NO1): 143 øre/kWh (-9 øre/kWh frå veke 34)
- Sørvest-Noreg (NO2): 145 øre/kWh (-17 øre/kWh frå veke 34)
- Midt-Noreg (NO3): 139 øre/kWh (+27 øre/kWh frå veke 34)
- Nord-Noreg (NO4): 12 øre/kWh (-29 øre/kWh frå veke 34)
- Vest-Noreg (NO5): 142 øre/kWh (+3 øre/kWh frå veke 34)
Auka gassprisar
Dei siste vekene har gassprisane auka og er no på det høgaste nivået sidan januar 2023. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg vil kunne variere mykje frå veke til veke. Mellom anna vil verknaden avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissettande teknologien.
Merknad
Som følgje av problema hos dataleverandøren ENTSO-E, manglar det produksjons- og forbruksdata for delar av laurdag og søndag i veke 35. Rapporten vil derfor mangle fleire tabellar og figurar. Når data blir tilgjengelege, blir dei fortløpande lasta opp her: Kraftpriser og kraftsystemdata - NVE
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 35 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.