Kraftsituasjonen veke 34, 2026
Lågare magasinfylling og auka kraftprisar
NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten
Vil du bidra? Del innspela dine her
Lite nedbør bidrog til ein nedgang i den norske magasinfyllinga førre veke. Kraftproduksjonen og nettoeksporten frå sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var omtrent på nivå med veka før, og det var ein oppgang i dei gjennomsnittlege kraftprisane i alle dei norske budområda.
Magasinfyllinga ligg framleis lågt for sesongen i Midt- og sørlege Noreg. NVE vil dei neste dagane vurdere å påleggje kraftselskapa i enkelte av prisområda ei rapporteringsordning for å gi oss betre innsikt i disponeringa i magasina.
Lågare magasinfylling
Førre veke var det ein nedgang i den norske magasinfyllinga på 0,8 prosentpoeng. Nedgangen skuldas hovudsakeleg at det kom lite nedbør i sørlege Noreg, samtidig som kraftproduksjonen var omtrent på nivå med veka før. I Midt-Noreg (NO3) har det dei siste vekene vore relativt normalt med tilsig, noko som har bidrege til auka fyllingsgrad her. I sørlege Noreg og i Midt-Noreg ligg magasinfyllinga framleis lågt for årstida samanlikna med historikken.
Den samla produksjonen og nettoeksporten frå sørlege Noreg låg omtrent på nivå med veka før. Både i sørlege Noreg og i Midt-Noreg var det ein nedgang i vindkraft- og elvekraftproduksjonen medan var det ein oppgang i produksjonen frå vasskraft med magasin.
Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
- Søraust-Noreg (NO1): 152 øre/kWh (+27 øre/kWh frå veke 33)
- Sørvest-Noreg (NO2): 140 øre/kWh (+22 øre/kWh frå veke 33)
- Midt-Noreg (NO3): 112 øre/kWh (+34 øre/kWh frå veke 33)
- Nord-Noreg (NO4): 41 øre/kWh (+35 øre/kWh frå veke 33)
- Vest-Noreg (NO5): 139 øre/kWh (+31 øre/kWh frå veke 33)
Auka kraftprisar
Det var oppgang i dei gjennomsnittlege kraftprisane i alle dei norske budområda førre veke, og Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) hadde det høgaste vekesnittet hittil i år. Det var mindre solkraft på kontinentet, noko som gav færre timar med låge prisar på dagtid i dei sørlege områda enn veka før.
I resten av Norden og på kontinentet var det også ein oppgang i dei gjennomsnittlege kraftprisane. Kjøligare og våtare vêr bidrog til lågare forbruk til kjøling på kontinentet. Samstundes hadde Tyskland redusert solkraftproduksjon frå veka før, og noko av dette vart erstatta av høgare fossil kraftproduksjon og auka import. Kjøligare ver bidrog også til at fleire kjernekraftverk i Frankrike kunne produsere som normalt enn i veka før.
Auka gassprisar
Dei siste vekene har gassprisane auka og har passert pristoppen som var rett etter USA og Israel sitt angrep på Iran den 28. februar i år. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa vil kunne variere mykje frå veke til veke. Mellom anna vil verknaden avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissettande teknologien.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 34 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.