Publisert 19.08.2026

Kraftsituasjonen veke 33, 2026

Liten auke i magasinfyllinga og periodar med høge kraftprisar

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Godt med nedbør dei siste vekene bidrog til auka magasinfylling i alle budområda unnateke Sørvest-Noreg (NO2), der det var ein liten nedgang. Det var ein oppgang i kraftprisane i Søraust-Noreg (NO1) og Sørvest-Noreg (NO2), medan i resten av landet var kraftprisane på nivå med veka før. 

I veke 32 publiserte NVE ei eiga nyheitssak om kraftsituasjonen som kan lesast her:  Viktig at kraftprodusentene tar hensyn til forsyningssikkerheten - NVE

Liten auke i magasinfyllinga 
Førre veke auka magasinfyllinga i alle budområda unnateke Sørvest-Noreg. Auken var størst i Midt-Noreg (NO3) og Vest-Noreg (NO5). Godt med nedbør dei siste vekene bidrog til auken i desse områda. I Sørvest-Noreg gjekk magasinfyllinga noko ned. Lågare tilsig enn vekene før og høgare vasskraftproduksjon bidrog til nedgangen.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 125 øre/kWh (+7 øre/kWh frå veke 32)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 140 øre/kWh (+15 øre/kWh frå veke 32)
  • Midt-Noreg (NO3): 78 øre/kWh (+0 øre/kWh frå veke 32)
  • Nord-Noreg (NO4): 6 øre/kWh (+0 øre/kWh frå veke 32)
  • Vest-Noreg (NO5): 108 øre/kWh (-5 øre/kWh frå veke 32)

Periodar med høge kraftprisar i sørlege Noreg
Dei gjennomsnittlege kraftprisane i Søraust- og Sørvest-Noreg gjekk opp i veke 33. Sørvest-Noreg hadde den høgaste vekeprisen hittil i år, og ein må tilbake til desember 2024 for å finne like høg vekespis. Det var særleg dei høge kraftprisane på kveldstid onsdag og torsdag som trekte snittet opp. Særs låg vindkraftproduksjon både på kontinentet og i Norden, og framleis hetebølge og tørke, medverka til eit høgt prisnivå på kontinentet. Mellom anna bidrog låg produksjon frå kjernekraft i Frankrike til at ein større del av etterspurnaden i fleire land på kontinentet og Storbritannia tte dekkast av dyrare termiske kraftverk som kol- og gasskraftverk. Auka etterspurnad etter kraft frå Storbritannia bidrog til at Noreg hadde ein høgare nettoeksport enn veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mikal-André Tvedt

Epost: miat@nve.no