Kraftsituasjonen veke 32, 2026
Auka magasinfylling og framleis balansert kraftutveksling i sørlege Noreg
NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten
Vil du bidra? Del innspela dine her
Førre veke gjekk magasinfyllinga opp i alle dei norske budområda mellom anna grunna meir tilsig enn veka før. Trass auken var fyllingsgraden i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og Midt-Noreg (NO3) framleis på et lågt nivå for årstida. Kraftprisane i Noreg var om lag på nivå med veka før, med unntak av Vest-Noreg (NO5), der prisen gjekk ned. Meir vindkraft og lågare priser i Storbritannia enn veka før bidrog til redusert nettoeksport av kraft frå Sørvest-Noreg (NO2). Samla for veka hadde sørlege Noreg omtrent like mykje import som eksport.
Auka magasinfylling
Det var oppgang i magasinfyllinga i alle dei norske budområda førre veke. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var årsaka mellom anna godt med tilsig til vassmagasina som følgje av mykje nedbør dei siste vekene. Trass høgare tilsig i sørlege Noreg, har vasskraftproduksjon halde seg omlag på same nivå dei siste vekene. Det er likevel noko variasjon mellom budområda. I Sørvest-Noreg (NO2) var det ein viss nedgang samanlikna med veka før. I tillegg til fleire periodar med låge kraftprisar var Noregs største vasskraftverk, Tonstad (960 MW), ute til planlagt vedlikehald førre veke.
Sjølv om vassmagasina hadde høgare fyllingsgrad enn veka før, ligger nivåa i sørlege Noreg og Midt-Noreg framleis historisk lågt for årstida.
I eit vêrbasert kraftsystem som det norske, er det normalt at ressurssituasjonen i vassmagasina varierer. Sjølv om fyllingsgraden har gått noko opp dei siste to vekene, kan det kome veker framover med nedgang i fyllingsgraden. Skiftande nedbør og tilsigstilhøve vil gje variasjonar i magasinfyllinga gjennom hausten.
Førre veke publiserte NVE ei eiga nyheitssak om kraftsituasjonen som kan lesast her:
Viktig at kraftprodusentene tar hensyn til forsyningssikkerheten - NVE
Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
- Søraust-Noreg (NO1): 118 øre/kWh (+2 øre/kWh frå veke 31)
- Sørvest-Noreg (NO2): 125 øre/kWh (+1 øre/kWh frå veke 31)
- Midt-Noreg (NO3): 78 øre/kWh (-1 øre/kWh frå veke 31)
- Nord-Noreg (NO4): 6 øre/kWh (-1 øre/kWh frå veke 31)
- Vest-Noreg (NO5): 114 øre/kWh (-6 øre/kWh frå veke 31)
Kraftprisane på nivå med veka før
Dei gjennomsnittlege kraftprisane i Noreg var tilnærma uendra frå veka før med unntak av Vest-Noreg (NO5). Her gjekk vekesnittet ned med 6 øre/kWh. Mykje tilsig til vassmagasina er ein viktig årsak til nedgangen.
Balansert kraftutveksling mellom sørlege Noreg og naboområda
Framleis mykje vindkraftproduksjon for årstida kombinert med høg solkraftproduksjon har bidrege til å halde prisane i store delar av Norden og på kontinentet på same nivå som veka før. Høgare vindkraftproduksjon i Storbritannia ga noko lågare priser der, og det var færre timar med eksport frå Noreg. Sørlege Noreg hadde om lag balansert kraftutveksling også førre veke, og enda med ein marginal nettoimport.
Varmt vêr og låg vassføring i fleire europeiske elvar
Som følgje av varme og tørke på kontinentet har vassføringa i fleire europeiske elvar vore låg den siste tida. Det har medverka til utfordringar med kjøling og dermed til dels lågare kraftproduksjon frå termiske kraftverk. Kor mykje dette verkar inn på kraftprisane i Europa, kan variere frå veke til veke. Verknaden vil mellom anna avhenge av kor omfattande produksjonsavgrensingane blir, og kor ofte termiske kraftverk set prisnivået. Termiske kraftverk set ofte kraftprisen når det er høg etterspurnad, samstundes som det er låg kraftproduksjon frå sol- og vindkraftproduksjon.
Merknad
Det manglar data for kraftproduksjon og -forbruk i Finland for tre timer 28.juli. Data er erstatta med prognosetal.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.