Publisert 12.08.2020 , sist oppdatert 21.08.2020

Kraftsituasjonen veke 32, 2020

Slutt på ferietida gav auke i kraftforbruket

I samband med at mange var ferdig med ferien, auka kraftforbruket i Noreg med fire prosent førre veke. Også produksjonen gjekk noko opp og den høge eksporten av kraft ut frå landet hell fram. Tilgjengeleg eksportkapasitet var på om lag 65 prosent og den vart utnytta maksimalt gjennom heile veka.

Mot slutten av veka vart utvekslingskapasiteten mellom Aust- og Sørlandet redusert grunna planlagt vedlikehald av fleire transmisjonslinjer. Dette resulterte i at dei to landsdelane hadde ulik kraftpris for første gong på lang tid. Prisen var likevel enno særs låg for både Aust- og Sørlandet med ein vekepris på høvesvis 1,29 øre/kWh og 1,37 øre/kWh. I resten av Europa auka kraftprisen førre veke og i både Danmark, Finland og sør i Sverige var vekeprisen over 30 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2020 her.

Kontaktperson

Senioringeniør Ingrid Bjørshol Holm

ibho@nve.no