Publisert 29.07.2026

Kraftsituasjonen veke 30, 2026

Redusert vasskraftproduksjon og nettoeksport frå Noreg

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Medan kraftprisane gjekk ned i Midt-Noreg i veke 30, var dei om lag uendra i resten av Noreg. Den lågare vekeprisan i Midt-Noreg skyldast mellom anna betydeleg høgare vindkraftproduksjon. Reduserte kraftprisar i omkringliggande områdar bidrog til å redusere vasskraftproduksjonen og nettoeksporten frå Noreg. Trass i den reduserte vasskraftproduksjonen, bidrog lågt tilsig til at magasinfyllinga for Noreg samla var om lag uendra.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 122 øre/kWh (+1 øre/kWh frå veke 29)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 126 øre/kWh (-3 øre/kWh frå veke 29)
  • Midt-Noreg (NO3): 68 øre/kWh (-21 øre/kWh frå veke 29)
  • Nord-Noreg (NO4): 13 øre/kWh (-4 øre/kWh frå veke 29)
  • Vest-Noreg (NO5): 123 øre/kWh (-1 øre/kWh frå veke 29)

Lågare vekepris i Midt-Noreg og på kontinentet
Dei gjennomsnittlege kraftprisane i Midt-Noreg (NO3) gjekk ned i veke 30 samanlikna med veke 29. Den lågare vekeprisen heng saman med mellom anna ein monaleg auke i vindkraftproduksjonen i dette område. I dei andre prisområda i Noreg var vekeprisane om lag uendra. Det var lågare kraftprisar også i Sør-Sverige (SE3 og SE4), Danmark (DK1 og DK2) og fleire stader på kontinentet. Dei lågare prisane her skyldast mellom anna høgare vindkraftproduksjon, i tillegg til redusert kraftforbruk på kontinentet.

Redusert nettoeksport frå Noreg
Den samla kraftproduksjonen i Noreg gjekk betydeleg ned førre veke. Den største nedgangen var i vasskraftproduksjon frå magasin, som gjekk ned i alle dei norske prisområda. Samla kraftproduksjon gjekk også ned i alle områda, utanom i Midt-Noreg. Samstundes var kraftforbruket i Noreg uendra frå veke 29 til 30. Dette ga en betydeleg nedgang i nettoeksporten frå Noreg gjennom veka.

Den reduserte nettoeksporten skyldast mellom anna reduserte kraftprisar i omkringliggande områdar. På kontinentet bidrog vindkraftproduksjon til å dekkje ein større del av forbruket når solkraftproduksjonen var låg, samanlikna med veka før. Dette medverka til lågare prisar i desse periodane, som bidrog til å redusere krafteksporten frå Sørvest-Noreg (NO2) frå veka før.

Tilnærma uendra magasinfylling
Dei låge nedbørsnivåa i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) frå veke 29 haldt frem i veke 30. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) var det om lag normalt med nedbør. Dette gav lite tilsig til dei norske vassmagasina. Samstundes bidrog den reduserte vasskraftproduksjonen til at magasinfyllinga for Noreg samla var tilnærma uendra. Det var likevel ulik utvikling i magasinfyllinga mellom prisområda. Medan magasinfyllinga gjekk ned i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2), gjekk han opp i Nord- og Vest-Noreg (NO4 og NO5). I Midt-Noreg var magasinfyllinga om lag uendra.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 30 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no