Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 04.08.2021 , sist oppdatert 05.08.2021

Kraftsituasjonen veke 30, 2021

Mindre prisskilnad mellom Nord- og Sør-Noreg

Den gjennomsnittlege kraftprisen sør i Noreg (NO1, NO2 og NO5) var 56,7 øre/kWh førre veke, noko som er 8 prosent lågare enn veka før. Lågare kraftpris har blant anna si årsak i periodar med import av billig kraft mot slutten av veka da det var mykje vind og låge prisar nord på kontinentet. Kraftprisen i Nord-Noreg (NO4) auka med om lag 50 prosent samanlikna med veka før og var i gjennomsnitt 30,1 øre/kWh. Auka kjem blant anna av meir tilgjengeleg eksportkapasitet ut av området. Trass auka i kraftpris hadde Nord-Noreg framleis den lågaste prisen i Norden førre veke.

Gjennomsnittleg kraftpris i juli vart den høgaste for månaden nokon sinne i Sør-Noreg (NO1, NO2 og NO5). Høge og brensels- og CO2-kvoteprisar er blant årsakene til den høge juliprisen. For eit typisk hushald på Austlandet vart straumkostnaden ca 300 kr høgare i juli i år enn i tilsvarande månad i 20191. I Nord-Noreg (NO4) var derimot straumkostanden ca. 100 kr lågare i juli år enn i 2019.

1 I tillegg kjem nettleige og avgifter

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 30 2021 (PDF)

Kontaktperson

Rådgiver Silje Jelsness

Epost: sitj@nve.no