Publisert 22.07.2026

Kraftsituasjonen veke 29, 2026

Auka kraftprisar og redusert magasinfylling

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Kraftprisane gjekk opp i alle dei norske prisområda utanom Nord-Noreg i veke 29. Prisoppgangen skyldast mellom anna eit høgare prisnivå på kontinentet, som følgje av lågare vindkraftproduksjon enn i veke 28. Dei auka prisane bidrog til høgare vasskraftproduksjon i sørlege Noreg og Midt-Noreg. Kombinert med lite tilsig førte den auka vasskraftproduksjonen til ein nedgang i magasinfyllinga for andre veka på rad.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 121 øre/kWh (+21 øre/kWh frå veke 28)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 129 øre/kWh (+23 øre/kWh frå veke 28)
  • Midt-Noreg (NO3): 89 øre/kWh (+22 øre/kWh frå veke 28)
  • Nord-Noreg (NO4): 17 øre/kWh (-5 øre/kWh frå veke 28)
  • Vest-Noreg (NO5): 124 øre/kWh (+26 øre/kWh frå veke 28)

Auka kraftprisar i Noreg
Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk opp i alle dei norske prisområda utanom Nord-Noreg (NO4) i veke 29, der dei gjekk noko ned. Prisnedgangen i Nord-Noreg heng saman med mellom anna høgare vindkraftproduksjon nord i Norden samanlikna med veka før. I Midt-Noreg (NO3) var det svært låg vindkraftproduksjon førre veke, som bidrog til å trekkje opp kraftprisane.

Dei auka vekeprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) skyldast mellom anna eit høgare prisnivå på kontinentet og i Storbritannia. Det var lågare vindkraftproduksjon fleire stader på kontinentet i veke 29, som gjorde at ein større del av forbruket måtte dekkjast av dyrare fossil kraftproduksjon og kraftimport.

Lågare kraftproduksjon
Høgare vindkraftproduksjon og lågare nettoeksport bidrog til å redusere vasskraftproduksjonen i Nord-Noreg i veke 29. I Midt-Noreg blei noko av den reduserte vind- og elvekraftproduksjonen dekt av auka vasskraftproduksjon, medan noko blei dekt av høgare nettoimport. I sørlege Noreg bidrog det høgare prisnivået på kontinentet og i Storbritannia til auka vasskraftproduksjon og nettoeksport.

I sum gjekk kraftproduksjonen i Noreg noko ned. Kraftforbruket var også redusert frå veka før, men mindre enn produksjonen. Nettoeksporten frå Noreg samla sett var dermed noko redusert frå veke 28.

Nedgang i magasinfyllinga
Det kom lite nedbør i Noreg førre veke, noko som gav lite tilsig til vassmagasina. Kombinert med auka vasskraftproduksjon bidrog dette til andre veke på rad med nedgang i magasinfyllinga i Noreg. Magasinfyllinga gjekk ned i alle prisområda utanom Nord-Noreg (NO4), der vasskraftproduksjonen gjekk ned over veka. Den største nedgangen i magasinfyllinga var i Sørvest-Noreg (NO2), som hadde den største auken i vasskraftproduksjon.

NVE ventar at magasinfyllinga vil fortsette å være låg i sørlege Noreg og Midt-Noreg gjennom sommaren. Kor mykje vatn det er i magasina til vinteren, vil være avhengig av kor mykje nedbør som kjem utover hausten. Låg magasinfylling og lange periodar med lite nedbør vil bidra til høgare kraftprisar. NVE følgjer situasjonen tett, mellom anna gjennom dialog med kraftselskapa.  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no