Publisert 08.07.2020

Kraftsituasjonen veke 27, 2020

Lågaste junipris nokosinne

Juni fekk den lågaste gjennomsnittlege kraftprisen i Noreg nokosinne på 2 øre/kWh. God hydrologisk balanse, redusert eksportkapasitet og høg produksjon for årstida er med på å forklare dei låge prisane. Det har vore rekordmykje snø i fjellet i vinter, og det vart derfor produsert meir vasskraft enn det som er normalt for årstida for å gje plass til nytt tilsig. Produksjonen i juni låg 13 prosent over gjennomsnittet for juni dei 20 siste åra.

Kraftproduksjonen i Danmark og i Sør-Sverige auka betrakteleg i førre veke samanlikna med veka før. Det har årsak i meir vindkraftproduksjon, og auka kjernekraftproduksjon i Sverige. Auka produksjon i Norden bidrog til at produksjonen i Noreg gjekk litt ned sist veke. Den er likevel relativt høg for årstida, og 11,3 prosent høgare enn i same veke i 2019. 

Med mykje vind og låge prisar, både i Norden og på kontinentet, fekk Noreg relativt høg nettoimport og låge prisar mot slutten av veka. Natt til søndag nådde gjennomsnittlege norske pris eit botnnivå på 0,36 øre/kWh. Sidan det vart meldt om våtare vêr og høgt tilsig i juli, vart også prisane for dei nordiske terminkontraktane reduserte.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 27 2020 (PDF)

Kontaktpersonar

Rådgiver Ingvild Vestre Sem
E-post: ivs@nve.no

Seksjonssjef Sigrun Kavli Mindeberg
E-post: skmi@nve.no