Publisert 01.07.2026

Kraftsituasjonen veke 26, 2026

Hetebølgje i Europa og høgare nettoeksport frå Noreg

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Den pågåande hetebølga påverka heile det europeisk kraftsystemet i veka som gjekk. Mellom anna ga låg vindkraftproduksjon på kontinentet høgare etterspurnad etter anna kraftproduksjon. Dette medverka til at Noreg både hadde høgare produksjon og nettoeksport av kraft enn veka før.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 78 øre/kWh (+7 øre/kWh frå veke 25)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 121 øre/kWh (+16 øre/kWh frå veke 25)
  • Midt-Noreg (NO3): 55 øre/kWh (+1 øre/kWh frå veke 25)
  • Nord-Noreg (NO4): 28 øre/kWh (+14 øre/kWh frå veke 25)
  • Vest-Noreg (NO5): 56 øre/kWh (-5 øre/kWh frå veke 25)

Hetebølgje i Europa medverka til høgare kraftprisar
Sett veka under eitt auka dei gjennomsnittlege kraftprisane i store delar av Europa førre veke. Ein viktig årsak var høge temperaturar. Vêrfenomenet skapte eit solfylt og vindstille lokk over kontinentet. Til dømes fall vindkraftproduksjonen med fleire hundre gigawattimar i Tyskland frå veka før, medan forbruket auka omtrent tilsvarande. Frankrike hadde i tillegg redusert tilgjengelegheit på kjernekraft grunna det varme vêret, noko som gav ein nedgang i kjernekraftproduksjonen. Samla bidrog dette til høgare behov for dyrare kraftproduksjon og forsterke prisauken i Europa.

Det var særleg om ettermiddagane at kraftprisane var høge, og i enkelttimar var kraftprisane i Tyskland over 600 øre/kWh. Da solkraftproduksjonen ble låg på ettermiddagen måtte forbruket dekkjast av dyrare produksjonsteknologi, mellom anna var det ein oppgang i produksjonen frå gasskraft.  

Auka fyllingsgrad trass høgare kraftproduksjon og nettoeksport frå Noreg
Sjølv om forbruket i Noreg var tilnærma uendra frå veka før, vart Noreg påverka av hetebølgja på kontinentet. Periodar med høge kraftprisar på kontinentet gav tidvis også høgare kraftprisar i Noreg. Dette bidrog til meir norsk kraftproduksjon og nettoeksport. Trass prisauken i Noreg,  vart kraftprisane aldri like høge som på kontinentet grunna flaskehalsar i nettet.

Kraftproduksjonen auka mest frå vasskraftverk med magasin. Trass i dette, gjekk fyllingsgraden opp i alle budområda i Noreg. Auken var størst i Midt-, Nord- og Vest-Noreg (NO3, NO4 og NO5), kor det kom godt med nedbør.

NVE følgjer utviklinga i Midt-Noreg
Førre veke publiserte NVE ei nyheitssak om oppfølging av kraftsituasjonen og forsyningstryggleiken. Vi følgjer mellom anna utviklinga i Midt-Noreg. Les meir i nyheitssaka NVE følger opp kraftsituasjonen og forsyningssikkerheten - NVE.

Merknad
Det manglar temperaturdata for Noreg 24. juni. Verdiane er erstatta med prognosetal.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 26 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no