Publisert 24.06.2026

Kraftsituasjonen veke 25, 2026

Framleis auke i magasinfyllinga

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Magasinfyllinga auka også denne veka, men auken var mindre enn dei siste vekene. Lågare tilsig frå snøsmelting og mindre nedbør var hovudårsaka til dette. Samtidig påverka vedlikehald i nett og produksjon både kraftflyt og prisar. Prisane vart meir like mellom dei fleste norske prisområda, men Sørvest-Noreg skilde seg ut med eit høgare prisnivå gjennom store delar av veka.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 71 øre/kWh (-12 øre/kWh frå veke 24)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 105 øre/kWh (+15 øre/kWh frå veke 24)
  • Midt-Noreg (NO3): 54 øre/kWh (-5 øre/kWh frå veke 24)
  • Nord-Noreg (NO4): 28 øre/kWh (+9 øre/kWh frå veke 24)
  • Vest-Noreg (NO5): 61 øre/kWh (-12 øre/kWh frå veke 24)

Lågare tilsig frå snøsmelting og mindre nedbør
Samanlikna med førre veke kom det mindre nedbør, og tilsiget frå snøsmeltinga var lågt ettersom det meste av snøen er smelta. Magasinfyllinga auka også denne veka, men auken var mindre enn dei siste vekene. Det er venta at magasinfyllinga vil variere gjennom sommaren, grunna variasjonar i både tilsig og produksjon frå vasskraft.

Likare kraftprisar i Noreg, unnateke Sørvest-Noreg
Medan dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk ned i Midt-, Søraust- og Vest-Noreg (NO3, NO1 og NO5), auka dei i Nord- og Sørvest-Noreg (NO4 og NO2). Dette bidrog til likare vekeprisar mellom dei norske prisområda, unnateke Sørvest-Noreg (NO2) som heldt seg på eit høgare nivå store delar av veka. Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) hadde det lågaste vekesnittet hittil i år. Vekesnittet vart særleg trekt ned av dei låge kraftprisane i helga. 

Mot slutten av veka førte ei hetebølgje på kontinentet til høge kraftprisar på grunn av lite vindkraftproduksjon og høgt forbruk. På torsdag kveld ble  prisane opp mot 500 øre/kWh i store delar av Europa. I desse timane var det full eksport frå Sørvest‑Noreg (NO2). Flaskehalsar i nettet  bidrog til at Noreg ikkje fekk like høge kraftprisar.

Vedlikehaldsesongen påverkar kraftflyt og kraftprisane
No som me går inn mot sommaren er det mykje vedlikehald som bidreg til redusert nett- og produksjonskapasitet. Dette kan avgrensa mengda kraft som kan produserast og flyte mellom prisområda.

I veke 25 var forbindinga mellom Sørvest- og Vest-Noreg (NO2 og NO5) ute til planlagt vedlikehald. Samtidig var det ein del vasskraftproduksjon i Sørvest-Noreg som var utilgjengeleg på grunn av planlagt vedlikehald. Samla sett bidrog dette til at Sørvest-Noreg hadde eit lågare kraftoverskot enn veka før. I kombinasjon med høge kraftprisar på kontinentet førte dette til at prisnivået i Sørvest-Noreg låg høgare gjennom veka enn i dei nærliggjande prisområda i Noreg.

Førre veke kom forbindelsen mellom Nord-Noreg og Nord-Sverige (NO4 og SE1) tilbake med full kapasitet, etter at den har vært redusert i forbindelse med planlagt vedlikehald. Dette bidrog til at Ofoten-snittet (NO4-SE1) avgrensa i færre tima enn veka før, og meir av kraftoverskotet i Nord-Noreg kunne transporterast ut av regionen. Auka nettkapasitet  bidrog til høgare kraftpris og auka produksjon frå vasskraft med magasin i Nord‑Noreg.

Merknad
Det manglar temperaturdata for Noreg 13.juni. Verdiane er ertsatta med prognosetal.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 25 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Martha Johanne Pedersen

Epost: majp@nve.no