Publisert 17.06.2026

Kraftsituasjonen veke 24, 2026

Framleis høgt tilsig og auking i magasinfyllinga

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 

Pågåande snøsmelting og mykje nedbør for årstida gav høgt tilsig til vasskraftverk og magasin førre veke, og magasinfyllinga i Noreg auka. I store delar av landet er no snøen smelta, og tilsiget vil framover vere meir avhengig av nedbør. I Noreg var både kraftproduksjon og kraftforbruk tilnærma uendra frå veka før, og Noreg hadde nettoeksport av kraft for fjerde veke på rad.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 83 øre/kWh (-10 øre/kWh frå veke 23)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 90 øre/kWh (-7 øre/kWh frå veke 23)
  • Midt-Noreg (NO3): 59 øre/kWh (-9 øre/kWh frå veke 23)
  • Nord-Noreg (NO4): 19 øre/kWh (-5 øre/kWh frå veke 23)
  • Vest-Noreg (NO5): 73 øre/kWh (-9 øre/kWh frå veke 23)

Lågare tilsig frå snøsmelting og meir frå nedbør
Snøsmeltinga dei siste vekene har både bidrege til meir produksjon frå elvekraft og auka magasinfylling. Førre veke auka elvekraftproduksjon i Søraust- og Sørvest Noreg (NO1 og NO2) endå meir på grunn av mykje nedbør. No som store delar av snøen har smelta vil tilsiget framover avhenge meir av nedbør. Det er venta at magasinfyllinga vil variere gjennom sommaren, grunna variasjonar i både tilsig og produksjon frå vasskraft.

Samla sett var både kraftproduksjonen og kraftforbruket i Noreg tilnærma uendra frå førre veke, og Noreg hadde nettoeksport av kraft for fjerde veke på rad.

Lågare kraftprisar
Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk ned i alle dei norske prisområda i veke 24. Vekesnittet vart særleg trekt ned av dei låge kraftprisane i helga, medan prisnivået på vekedagane var nokså likt som veka før. Prisnedgangen i helga heng saman med kraftoverskot og lågare kraftprisar på kontinentet. Høg vindkraft, kombinert med solkraftproduksjon og lågt forbruk grunna helg, bidrog til dette. I same periode var det høg import til Sørvest-Noreg (NO2) og kraftprisane vart tidvis svært låge.

Merknad
Det manglar temperaturdata for Noreg 13. juni. Dei manglande verdiane er erstatta med prognosetal. Dette påverkar verdiane i figur 8. Det manglar data for kraftforbruk for fleire timar i Danmark i veke 24. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverkar tal for dansk forbruk, og utveksling for Norden (tabell 6 og 7, og figur 12).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 24 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Mikal-André Tvedt

Epost: miat@nve.no