Kraftsituasjonen veke 23, 2026
Auka magasinfylling og høgare kraftprisar i Noreg
Fyllingsgraden i dei norske vassmagasina auka i veke 23, som følgje av snøsmelting og meir nedbør enn normalt. Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk likevel opp i alle dei norske prisområda, mellom anna som følgje av lågare vindkraftproduksjon i Norden. Lågare solkraftproduksjon på kontinentet bidrog i tillegg til færre lågpristimar i sørlege Noreg.
Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
- Søraust-Noreg (NO1): 93 øre/kWh (+8 øre/kWh frå veke 22)
- Sørvest-Noreg (NO2): 97 øre/kWh (+7 øre/kWh frå veke 22)
- Midt-Noreg (NO3): 68 øre/kWh (+25 øre/kWh frå veke 22)
- Nord-Noreg (NO4): 25 øre/kWh (+7 øre/kWh frå veke 22)
- Vest-Noreg (NO5): 82 øre/kWh (+3 øre/kWh frå veke 22)
Auka magasinfylling
I veke 23 kom det meir nedbør enn normalt i Noreg. Kombinert med snøsmelting bidrog dette til høgt tilsig, og ein monaleg auke i magasinfyllinga i alle dei norske prisområda. Den høge produksjonen frå elvekraft haldt fram også i veke 23.
Nettoeksport frå Noreg
Det var lite endring i kraftproduksjon og kraftforbruk for Noreg samla, noko som ga nettoeksport for tredje veka på rad. Som i dei føregåande vekene bidrog høg produksjon frå elvekraft til at Noreg fekk eit kraftoverskot. Høg vindkraftproduksjon på kontinentet midt i veka, ga periodar med import og svært låg vasskraftproduksjon i Sørvest-Noreg (NO2). Det var litt lågare nettoeksport i sør og noko høgare i nord. Lågare vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar i Nord-Sverige (SE1 og SE2), bidrog til høgare produksjon av vasskraft frå magasin i Nord-Noreg.
Høgare kraftprisar
Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk opp i alle dei norske prisområda i veke 23. Auken heng mellom anna saman med redusert vindkraftproduksjon i Norden. I tillegg var det lågare solkraftproduksjon på kontinentet samanlikna med veka før. Dette medverka til færre lågpristimar midt på dagen i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), noko som trakk opp vekeprisane.
Merknad
Det manglar data for kraftforbruk i Nord-Sverige (SE1 og SE2) for 31.mai, og for fleire timar i Danmark i veke 23. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverkar tal for svensk og dansk forbruk, og utveksling for Norden (tabell 6 og 7, og figur 12).
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 23 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.