Kraftsituasjonen veke 22, 2026
Høg produksjon frå elvekraft og lågare kraftprisar
Høgt tilsig frå snøsmeltinga bidrog til ein monaleg auke i magasinfyllinga og i produksjonen frå elvekraftverk i veka som gjekk. Auka kraftproduksjon frå vind- og elvekraft bidrog til at kraftprisane gjekk ned i alle dei norske prisområda. Medan samla norsk kraftproduksjon auka, var endringa i kraftforbruket tilnærma uendra frå veka før. Dette bidrog til at Noreg hadde nettoeksport av kraft for andre veke på rad.
Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
- Søraust-Noreg (NO1): 85 øre/kWh (-19 øre/kWh frå veke 21)
- Sørvest-Noreg (NO2): 90 øre/kWh (-18 øre/kWh frå veke 21)
- Midt-Noreg (NO3): 43 øre/kWh (-27 øre/kWh frå veke 21)
- Nord-Noreg (NO4): 18 øre/kWh (-8 øre/kWh frå veke 21)
- Vest-Noreg (NO5): 79 øre/kWh (-24 øre/kWh frå veke 21)
Lågare og likare prisar i Noreg
Fleire timar med kraftprisar under 10 øre/kWh og eit lågare nivå på høgpristimane samanlikna med veka før, trekte ned dei gjennomsnittlege kraftprisane i alle dei norske prisområda. I Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) bidrog høg vindkraftproduksjon nord i Norden i vekedagane til låge kraftprisar. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var det låge prisar på dagtid dei fleste av dagane førre veke. Høg produksjon frå elvekraft i kombinasjon med høg solkraftproduksjon på kontinentet, gav periodar med overskott av kraft og timar med låge prisar.
Dei gjennomsnittlege vekeprisane var på sitt lågaste nivå hittil i år for alle dei norske prisområda, unnateke Nord-Noreg (NO4). Prisskilnaden mellom prisområda var òg mindre enn i dei to føregåande vekene.
Fleire timar med like kraftprisar i Norden
Laurdag 30.mai hadde dei nordiske prisområda, unnateke Jylland (DK1), like prisar i syv påfølgande timar. I denne perioden var det ingen flaskehalsar i det nordiske nettet og det vart prisutjamning.
Høg produksjon frå elvekraft
I tillegg til høgare magasinfylling, har snøsmeltinga dei siste vekene bidrege til meir produksjon frå elvekraft. I veke 22 auka produksjonen frå elvekraft særleg i Søraust-Noreg og Midt-Noreg (NO1 og NO3). Auka norsk produksjon og tilnærma uendra kraftforbruk frå veka før bidrog til at Noreg hadde nettoeksport også i veke 22.
Merknad
Det manglar data for kraftproduksjon- og -forbruk i Sverige for store delar av 29.mai til og med 31.mai. Der det har vore mogleg er dataene erstatta med prognosetal. Det manglar også data for kraftforbruk i Danmark for fleire timar i veke 22. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette inneber at det kan vera mellombelse tal eller feil i oversikta over svensk produksjon og forbruk og dansk forbruk, og dessutan nordisk nettoeksport i rapporten (tabell 6 og 7, og figur 9, 10, 11 og 12).
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 22 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.