Kraftsituasjonen veke 22, 2025
Prisnedgang på kontinentet bidrog til lågare prisar i Norden
Lågare kraftproduksjon i Norden
Sist veke gjekk både kraftproduksjonen og -forbruket ned i Norden samanlikna med veka før. Mindre produksjon frå vindkraft og vasskraft i Noreg, samt årleg vedlikehald i fleire nordiske kjernekraftverk bidrog til produksjonsnedgangen. Produksjonen minka meir enn forbruket, slik at nettoeksporten frå Norden gjekk ned.
Lågare kraftprisar i Norden og på kontinentet
Kraftprisane gjekk ned frå veke 21 i heile Noreg, bortsett frå i Midt-Noreg (NO3), der det var ein liten auke. Nedgangen har dels samanheng med at kraftprisane på kontinentet var lågare. Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) fekk låge kraftprisar og import frå kontinentet i timar med høg solkraftproduksjon på dagtid. Det var også periodar med høg vindkraftproduksjon i Norden der særleg Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) fekk lågare kraftprisar enn i veka elles.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 22:
- Søraust-Noreg (NO1): 57 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 62 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 11 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 2 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 44 øre/kWh
Lågaste timepris i Nord-Noreg nokon gong
Natt til laurdag 31. mai fekk Nord-Noreg den lågaste timeprisen nokon gong på -17 øre/kWh. Det var fleire faktorar som medverka til den låge kraftprisen. Etterspurnaden etter kraft var låg fordi det var helg og natt. Samstundes vart prisnedgangen ytterlegare forsterka av at området fekk import frå naboområde der uregulerbar kraftproduksjon var høg. Importen bidrog til å avlaste kraftnettet slik at det kunne gå større kraftflyt sørover frå områda nord i Norden og vidare til kontinentet. Med både låg etterspurnad og import til Nord-Norge vart kraftprisen svært låg.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 22 2025
Ved publisering mangla kraftproduksjonsdata for Noreg i enkelte timar. Dette inneber at nokon av figurane og tabellane kan innehalde feil.
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.
Data for kraftsituasjonen
NVE lanserer no den første versjonen av «Data for kraftsituasjonen». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.