Publisert 27.05.2026

Kraftsituasjonen veke 21, 2026

Høgt tilsig og lågare prisar

Kraftprisane gjekk ned i alle dei norske prisområda i veke 21. Varmare vêr bidrog til lågare kraftforbruk og høgt tilsig frå snøsmeltinga. Det gav høgare kraftproduksjon i alle dei norske prisområda, særleg frå elvekraft, og bidrog til at Noreg hadde nettoeksport av kraft gjennom veka.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 104 øre/kWh (-14 øre/kWh frå veke 20)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 108 øre/kWh (-10 øre/kWh frå veke 20)
  • Midt-Noreg (NO3): 70 øre/kWh (-37 øre/kWh frå veke 20)
  • Nord-Noreg (NO4): 26 øre/kWh (-20 øre/kWh frå veke 20)
  • Vest-Noreg (NO5): 103 øre/kWh (-30 øre/kWh frå veke 20)

Snøsmelting bidrog til auka magasinfylling
Varmare vêr førte til at snøsmelting tok seg opp att etter nokre veker med lite smelting. Dette ga høgare tilsig og kraftproduksjonen gjekk opp i alle dei norske prisområda. Meir enn halvparten av tilsiget vart lagra i vassmagasina, og bidrog til at magasinfyllinga i Noreg auka gjennom veka.

Lågare prisar i Noreg, men stor prisvariasjon
Det var fleire timar med særs låge kraftprisar i veke 21 samanlikna med veka før, noko som trakk ned dei gjennomsnittlege kraftprisane i alle dei norske prisområda. Det var framleis stor prisvariasjon gjennom veka. Til dømes hadde Søraust-Noreg (NO1) den høgaste timeprisen gjennom veka på måndag, da timeprisen var 199 øre/kWh. Den lågaste timeprisen oppstod på sundag, da timeprisen var -125 øre/kWh. Dette var fyrste gong Søraust-Noreg (NO1) hadde negative prisar i år.

Prisvariasjonane heng saman med endringar i uregulerbar kraftproduksjon gjennom veka. Periodar med låg vindkraftproduksjon bidrog til enkelttimar med høge kraftprisar i sørlege Noreg og delar av Europa. Frå fredag auka solkraftproduksjonen på kontinentet, samstundes som etterspurnaden gjekk ned inn mot helga. Dette bidrog til periodar med låge prisar, og i fleire av desse timane vart det importert billig kraft til sørlege Noreg.

Merknad
Det manglar data for kraftforbruk i Danmark for fleire timar i veke 21. Desse tala er erstatta med prognosetal. Det inneber at det kan vera mellombelse tal eller feil i oversikta over dansk forbruk, samt nordisk nettoeksport i rapporten (tabell 6, tabell 7 og figur 12).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 21 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Marte Hoff Hvamstad

Epost: mahh@nve.no