Publisert 20.05.2026

Kraftsituasjonen veke 20, 2026

Lågare kraftproduksjon gav nettoimport til Noreg

Lågare kraftproduksjon frå vasskraftverk med magasin bidrog til redusert kraftproduksjon i Noreg i veke 20. Dette medverka til at det vart nettoimport av kraft til Noreg. Trass lågare vekeprisar i Søraust- og Sørvest-Noreg, auka kraftprisen i Vest-Noreg, som hadde den høgaste vekeprisen i Nord-Europa.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 118 øre/kWh (-9 øre/kWh frå veke 19)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 118 øre/kWh (-9 øre/kWh frå veke 19)
  • Midt-Noreg (NO3): 108 øre/kWh (+6 øre/kWh frå veke 19)
  • Nord-Noreg (NO4): 46 øre/kWh (-28 øre/kWh frå veke 19)
  • Vest-Noreg (NO5): 133 øre/kWh (+7 øre/kWh frå veke 19)

Nettoimport av kraft til Noreg
I veke 20 vart kraftproduksjonen redusert i alle dei norske prisområda samanlikna med veke 19. Nedgangen skuldast i hovudsak redusert kraftproduksjon frå vasskraftverk med magasin. Forbruket av kraft gjekk også ned, men produksjonen gjekk meir ned og medverka til at det vart nettoimport av kraft til Noreg veka sett under et.

Uendra magasinfylling i Noreg
Kjølegare vêr, spesielt i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5), bidrog til å utsette snøsmeltinga og gav lågare tilsig enn normalt førre veke. Samstundes vart det produsert om lag like mykje vasskraft som det kom tilsig, som førte til at magasinfyllinga i Noreg var uendra gjennom veka.

Vest-Noreg hadde den høgaste vekeprisen i Nord-Europa
Medan vekeprisane gjekk ned i Søraust-, Sørvest- og Nord-Noreg (NO1, NO2 og NO4) i veke 20, gjekk dei opp i Midt- og Vest-Noreg (NO3 og NO5). Vest-Noreg hadde den høgaste vekeprisen i Nord-Europa.

Høy sol- og vindkraftproduksjon på kontinentet ga fleire timar med import til Sør-Noreg. I slike periodar blir det ofte en flaskehals i Sauda transformatorstasjon, som avgrensar flyten nordover til Vest-Noreg. Med flytbasert marknadskobling vil dette gi høg kraftpris nord for flaskehalsen for å signalisere at produksjonen der har høg verdi.

Merknad
Det manglar data for kraftforbruk i Danmark for fleire timar i veke 20. Desse tala er erstatta med prognosetal. Det inneber at det kan vera mellombelse tal eller feil i oversikta over dansk forbruk, samt nordisk nettoeksport i rapporten (tabell 6, tabell 7 og figur 12).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 20 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no