Publisert 29.04.2026

Kraftsituasjonen veke 17, 2026

Høgare sol- og vindkraftproduksjon bidrog til lågare kraftprisar

I veke 17 gjekk kraftprisane ned i alle dei norske prisområda. Høg sol- og vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet bidrog til eit lågare prisnivå. Samstundes gjekk norsk vasskraftproduksjon ned, noko som bidrog til at Noreg var nettoimportør av kraft førre veke.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 94 øre/kWh (-45 øre/kWh frå veke 16)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 90 øre/kWh (-34 øre/kWh frå veke 16)
  • Midt-Noreg (NO3): 78 øre/kWh (-81 øre/kWh frå veke 16)
  • Nord-Noreg (NO4): 9 øre/kWh (-5 øre/kWh frå veke 16)
  • Vest-Noreg (NO5): 107 øre/kWh (-31 øre/kWh frå veke 16)

Lågare kraftprisar
Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk ned i alle norske prisområde i veke 17. Eit lågare prisnivå på kontinentet, mellom anna som følgje av fleire timar med nær null‑ og minusprisar, bidrog til prisnedgangen.

At kraftprisane vart lågare på kontinentet, reduserte verdien av kraftflyten frå nord til sør i Norden, samanlikna med veka før. Samstundes gav høgare vindkraftproduksjon nord i Norden ein annan kraftflyt i det nordiske systemet, og flaskehalsen internt i Midt-Noreg (NO3) mellom Klæbu og Surna vart mindre viktig for kraftprisane. Høg vindkraftproduksjon i Nord-Sverige gav høg import av rimeleg kraft til Midt-Noreg (NO3) og bidrog til at kraftprisane vart halvert i Midt-Noreg. Meir import av kraft bidrog til at vasskraftproduksjon vart redusert samanlikna med veka før.

Det var prisforskjellar mellom dei sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) også i veke 17. Vest-Noreg (NO5) fekk ikkje like låge prisar som Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2). Blant anna er Sauda transformatorstasjon ein flaskehals som avgrensa moglegheita for import frå sør. Ved låge kraftprisar kan produksjonen frå vasskraft med magasin i Vest-Noreg reduserast betydeleg, og på den måten avgrense prissmitte frå områda omkring.

Høg solkraftproduksjon
Førebels tal visar at Danmark og Tyskland hadde den høgaste solkraftproduksjonen over ei veke så langt i år. Dette gav fleire timar med låge kraftprisar og rimeleg import til Noreg.

Lågare vasskraftproduksjon og nettoimport til Noreg
Den samla kraftproduksjonen i Noreg gjekk ned frå veka før, særleg frå vasskraftproduksjon med magasin. Nedgangen var størst i Sørvest‑Noreg (NO2). Høg vind- og solkraftproduksjon i Norden og på kontinentet gjorde at vasskraftprodusentane kunne spare på vatnet. Lågare kraftproduksjon bidrog til at Noreg samla sett var nettoimportør av kraft i veke 17.

Krigen i Midtausten
Sidan USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar har dei fossile brenselsprisane auka kraftig. Korleis dette verker inn på kraftprisane vil kunne variere frå veke til veke. Mellom anna vil verknadane avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon set nivået på kraftprisane på kontinentet. Kraftprisane i Noreg vert vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom kraftutveksling.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 17 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Marte Hoff Hvamstad

Epost: mahh@nve.no