Publisert 22.04.2026

Kraftsituasjonen veke 16, 2026

Lågare vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar

Det var høgare gjennomsnittlege kraftprisar i Noreg i veke 16, trass mildare vêr og lågare kraftforbruk. Redusert vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet bidrog til dei høge prisane. Samstundes auka den norske vasskraftproduksjonen, og Noreg vart nettoeksportør av kraft for veka sett under eitt.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 139 øre/kWh (+28 øre/kWh frå veke 15)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 124 øre/kWh (+18 øre/kWh frå veke 15)
  • Midt-Noreg (NO3): 160 øre/kWh (+58 øre/kWh frå veke 15)
  • Nord-Noreg (NO4): 14 øre/kWh (+5 øre/kWh frå veke 15)
  • Vest-Noreg (NO5): 138 øre/kWh (+5 øre/kWh frå veke 15)

Auka kraftprisar
Det var høgare gjennomsnittlege kraftprisar i Noreg samanlikna med veka før. Midt-Noreg (NO3) hadde blant dei høgaste prisane i Nord-Europa, ofte over prisnivået i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og på kontinentet. Dette heng samen med at kraftprisane auka i heile Nord-Europa i veke 16. Både i Norden og på kontinentet gjekk vindkraftproduksjonen ned frå veka før.

Høge prisar og kraftflyt i Midt-Noreg
Høg etterspurnad sør i Norden og på kontinentet gjer at meir kraftflyt hit har stor nytte. I førre veke ga planlagt vedlikehald avgrensingar i flyten, og det oppstod betydelege flaskehalsar i kraftnettet i Midt-Noreg (NO3). For å avlaste flaskehalsane var det fordelaktig å auke produksjon, og ein høg kraftpris i Midt-Noreg bidrog til dette.

Samstundes var det lite tilgjengeleg kraftproduksjon i området som kunne aukast på kort sikt. Dette skuldast blant anna at det på denne tida av året er fleire kraftverk som har mindre vatn enn elles i året. I tillegg, ved høg vindkraftproduksjon må meir produksjonskapasitet vere tilgjengeleg i reserve i tilfelle utfall. Dette reduserer produksjonskapasiteten som er tilgjengeleg i marknaden, og kan ha bidrege til å presse kraftprisane opp.

Auka vasskraftproduksjon og nettoeksport frå Noreg
Den samla norske kraftproduksjonen gjekk opp frå veka før. Dette skuldast hovudsakleg auka vasskraftproduksjon frå magasin grunna høge kraftprisar. Det var Sørvest-Noreg (NO2) som bidrog med størst auke. Etter tre veker med låg kraftproduksjon var produksjonen her på eit høgt nivå for årstida. Meir kraftproduksjon, saman med lågare kraftforbruk grunna mildare vêr, resulterte i at Noreg hadde nettoeksport for første gong etter fem veker med nettoimport.

Krigen i Midtausten
Sidan USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar har dei fossile brenselsprisane auka kraftig. Korleis dette verker inn på kraftprisane vil kunne variere frå veke til veke. Mellom anna vil verknadane avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon set nivået på kraftprisane på kontinentet. Kraftprisane i Noreg vert vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom kraftutveksling.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 16 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Marte Hoff Hvamstad

Epost: mahh@nve.no