Publisert 15.04.2026

Kraftsituasjonen veke 15, 2026

Låg kraftproduksjon og betydelege prisskilnadar i Noreg

Låg kraftproduksjon for årstida, bidrog til at det vart nettoimport av kraft også førre veke. Kraftprisane auka i Midt-Noreg, medan det var lågare prisar i Nord-Noreg. I sørlege Noreg var kraftprisane tilnærma uendra, med unntak av auka kraftprisar i Vest-Norge.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 111 øre/kWh (+3 øre/kWh frå veke 14)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 105 øre/kWh (+4 øre/kWh frå veke 14)
  • Midt-Noreg (NO3): 101 øre/kWh (+17 øre/kWh frå veke 14)
  • Nord-Noreg (NO4): 9 øre/kWh (-11 øre/kWh frå veke 14)
  • Vest-Noreg (NO5): 133 øre/kWh (+16 øre/kWh frå veke 14)

Auka prisskilnadar i Noreg
Prisskilnadane mellom dei norske prisområda auka frå veka før. Blant anna bidrog periodar med høg solkraftproduksjon på kontinentet til at sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) tidvis hadde høg kraftimport. I desse periodane var kraftprisane lågare enn elles i veka, noko som var med på å trekke gjennomsnittet for veka ned. Flaskehalsar i nettet kan bidra til at Vest-Noreg (NO5) ikkje får like låge kraftprisar som Søraust- og Sørvest-Noreg. Dette bidrog til at Vest-Noreg hadde den høgaste vekeprisen i Noreg også i veke 15.

Låg kraftproduksjon for årstida og nettoimport
Kraftproduksjonen i Noreg samla sett var låg for årstida. Det var framleis låg vasskraftproduksjon i sørlege Noreg, samstundes som vasskraftproduksjonen i Nord-Noreg (NO4) vart kraftig redusert frå veka før på grunn av låge kraftprisar. Dette bidrog til at det vart nettoimport av kraft til Noreg for femte veke på rad.

Krigen i Midtausten
Sidan USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar har dei fossile brenselsprisane auka kraftig. Korleis dette verker inn på kraftprisane vil kunne variere frå veke til veke. Mellom anna vil verknadane avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon set nivået på kraftprisane på kontinentet. Kraftprisane i Noreg vert vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom kraftutveksling.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 15 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Martha Johanne Pedersen

Epost: majp@nve.no