Kraftsituasjonen veke 15, 2021 - NVE

Høge timeprisar i Aust- og Sør-Noreg

Førre veke var den gjennomsnittlege kraftprisen om lag 50 øre/kWh i Vest-, Sør- og Aust-Noreg og om lag 26 øre/kWh i Nord- og Midt-Noreg. Flaskehalsar på overføringane mellom områda i nord og sør er ei av årsakene til at prisskilnaden held frem.

I nokre timar var det svært høge prisar i Sør- og Aust-Noreg. Prisstoppane var om morgonen da det var høgt forbruk, lite vindkraftproduksjon og høge kraftprisar på kontinentet. I Vest-Noreg var ikkje prisauken like sterk, blant anna grunna planlagt vedlikehald på forbindelsen mellom Vest- og Aust-Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 15 her.