Regulering av Dalsætervatnet - Solheimsdalen kraftverk

Registreringsnummer
8385
Saksnummer
201906032
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Planendring
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
03.05.2024
Tiltakshaver
SOLHEIMSDALEN KRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Tysnes
Vassdragsområde
054.5
Søkt produksjon
1,50 GWh

NVE har gitt løyve til regulering av Dalsætervatnet i Tysnes kommune i Vestland 

Solheimsdalen Kraft AS vil nytte Dalsætervatnet som reguleringsmagasin for Solheimsdalen kraftverk, og har søkt om å få regulere vatnet 2 meter mellom LRV på kote 333,8 og HRV på kote 335,8 gjennom året. Solheimsdalen kraftverk fikk tildelt konsesjon 13 desember 2017, og har fått forlengd byggjefrist til 2027.

Ei regulering av Dalsætervatnet vil bidra til å auke produksjonen i Solheimsdalen kraftverk, og gi større fleksibilitet til å nytte vatnet i nedbørsfeltet. Ei reguleringshøgde på 2 m som omsøkt vil gi synlege reguleringssonar i eit svært viktig regionalt friluftslivsområde. Etter NVE sitt syn er dei største konsekvensane av ei regulering av Dalsætervatnet knytt til landskap, friluftsliv og brukarinteresser. Vi legg også noko vekt på naturmangfald, av omsyn til den oseaniske nedbørsmyra av lokal verdi, og akvatisk liv i Dalsætervatnet og langs elva nedstraums.

NVE meiner at med avbøtande tiltak vil dei negative konsekvensane av tiltaket bli tilstrekkeleg redusert. NVE gir difor løyve til å regulere Dalsætervatnet mellom kote 333,8 og 334,8, med vilkår om slepp av minstevassføring og at tiltaket blir bygd veglaust. Med ei reguleringshøgde på 1 m vil vasstandsendringane være nærare naturleg tilstand, samtidig som kraftproduksjonen i Solheimsdalen kraftverk vil auke med om lag 1,1 GWh/år.

Ei nærare grunngjeving for løyvet er gitt i Bakgrunn for vedtak, som ligg til høgre på denne sida.