Grovlia kraftverk

Registreringsnummer
6231
Saksnummer
201006240
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
19.12.2014
Tiltakshaver
FORTE VANNKRAFT AS
Fylke
Trøndelag
Kommune
Åfjord
Vassdragsområde
135.2A
Søkt produksjon
6,40 GWh

Løyve til Grovlia kraftverk

NVE gjev TrønderEnergi Kraft AS løyve til å byggje Grovlia kraftverk i Åfjord kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 6,4 GWh årleg. Dette svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Grovlia kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon og har avgrensa negative miljøeffektar, samt at brukarinteresser blir ivaretekne.

Kraftverket er planlagt i Grovlia, med inntak ved kote 171 og avlaup ved kote 26. Det er og søkt om å regulere Grovlivatnet mellom kote 180,0 og kote 179,2 tilsvarande Åfjord kommunes regulering til drikkevatn. Det føreligg avtale med kommunen om en felles bruk av Grovlivatnet til kraftproduksjon og som drikkevasskjelde. Ei regulering av Grovlivatnet mellom kote 180,0 og kote 179,2 vil, etter NVE sitt syn, ikkje ha vesentlige konsekvensar for miljø- og landskapsverdiar knytt til innsjøen.

Ei reduksjon av reguleringa med 20 cm vil, etter vårt sitt syn, og ivareta omsynet til drikkevatn. NVE har og fastsett ei minstevassføring i Grovlielva på 40 l/s heile året. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet.

NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Grovlia kraftverk med regulering av Grovlivatnet mellom kote 180,0 og kote 179,4.