Øla kraftverk

Registreringsnummer
5439
Saksnummer
200802091
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
08.02.2013
Tiltakshaver
Knut Kirknes
Fylke
Innlandet
Kommune
Nord-Fron
Vassdragsområde
002.DG2Z
Søkt produksjon
6,95 GWh

NVE seier nei til søknad frå Øla Kraftverk AS om løyve til bygging av Øla kraftverk i Nord-Fron kommune i Oppland av omsyn til raudlista artar og naturtype med stor verdi.

Øla kraftverk var planlagd i vassdraget Øla, som renn ut i Gudbrandsdalslågen like nord for Vinstra. Kraftverket var planlagd med ein installert effekt på 2,3 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 7 GWh.

Søknaden er avslått grunna store konfliktar med naturverdiar. Langs Øla finnest det raudlista artar som er truga i ulik grad, mellom anna ein sterkt truga art knytt til ein viktig og omsynskrevjande naturtype. Dei raudlista artane er fuktkrevjande og vil med stort sannsyn døy ut om kraftverket vert bygd.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Øla kraftverk.