Øyane kraftverk

Registreringsnummer
5658
Saksnummer
200806513
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Søknad
Tiltakshaver
Norsk Hydro a.s
Fylke
Sogn og Fjordane
Kommune
Luster
Vassdragsområde
075.D0
Søkt produksjon
80.00 GWh

Endret søknad per september 2017 - Hydro søker om ny inntaksplassering

I 2014 rådde NVE Olje- og energidepartementet (OED) til å ikkje gje Hydro løyve til å byggje Øyane kraftverk. Saken ligg no i OED for behandling. Hydro søkjer no å endre søknaden, slik at inntaket vert flytta til under Spiterfossen. Endringssøknaden gjeld også flytting av kraftstasjonen noko oppstrøms. Søknaden kan lastes ned frå denne siden.

****************

I 2014 rådde NVE Olje- og energidepartementet til å ikkje gje Hydro Aluminium AS løyve til å byggje Øyane kraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane. NVE rådde samstundes til å gje Hydro løyve til å utvide reguleringa i Illvatn og byggje Illvatn pumpekraft i same vassdrag.

Øyane kraftverk er planlagt som eit elvekraftverk i nedre del av Fortundalen, med ein inntaksdam på oversida av Spitarfossen. Kraftverket er planlagt med ein årleg produksjon på 89 GWh, dersom Illvatn vert bygd ut. Det er søkt om å knyte kraftverket til den nye 132 kV-leidningen gjennom Fortundalen.

Dei negative verknadane er knyta til konsekvensane som inntaket og redusert vassføring vil få for friluftsliv og landskapsoppleving, både ved Spitarfossen og i Fortundalen som heilskap. Redusert vassføring gjennom Bakligjelet, særlig om både Øyane og Illvatn vert bygd ut, vil ha usikre konsekvensar for naturmiljøet i gjelet.

Etter ei samla vurdering meinte NVE at Illvatn pumpekraftverk bør prioriterast framfor Øyane kraftverk. NVE legg vekt på Illvatn pumpekraftverk kan verte bygd med få nye inngrep, og vil gje regulerbar vinterkraft. NVE meinte samstundes at dei negative verknadene av Øyane kraftverk er for store til at det bør gis konsesjon. NVE legg vekt på negative konsekvensar for friluftsliv, landskapsoppleving og naturmiljø, i tillegg til den samla belastninga for Fortunelva.

Olje- og energidepartementet står for den vidare sakshandsaminga av båe sakene. NVEs tilråding kan lastes ned fra sidemenyen. Det endelege vedtaket vil også verte publisert her når den er klar.