Herfindalen kraftverk

Registreringsnummer
4537
Saksnummer
200904873
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
25.09.2015
Tiltakshaver
NGK UTBYGGING AS
Fylke
Vestland
Kommune
Vaksdal
Vassdragsområde
061.4B4
Søkt produksjon
11,80 GWh

NVE gjev ikkje NGK Utbygging AS løyve til å bygge Herfindalen kraftverk i Vaksdal kommune i Hordaland grunna konflikt med verdiar knytt til landskap, friluftsliv og kulturmiljø.

Herfindalen kraftverk var planlagt med ei forventa årleg produksjon på 11,6 GWh tilsvarande den årlege straumbruken til om lag 580 husstandar.

Grunngjevinga for avslaget er at kraftverket ville hatt negative konsekvensar for landskap, friluftsliv og kulturmiljø. Herfindalen er eit naturskjønt område med store landskaps-, frilufts- og kulturverdiar. Redusert vassføring vil få store negative konsekvensar for Fossen som i dag er eit markert landskapselement og synleg over eit større område. Etablering av røyrgate vil øydelegge kvalitetane ved ein mykje brukt t-merka sti og skape store sår i sårart høgfjellsterreng. Justering av planane, med mellom anna tunnel på delar av strekninga, vil ikkje i tilstrekkeleg grad kompensere for dei negative verknadene.

NVE meiner dei negative verknadane er større enn dei positive effektane av auka kraftproduksjon, og at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabelt i høve til allmenne interesser.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22959389/90198216

Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22959766