Publisert 26.05.2020 , sist oppdatert 18.01.2024

Skredhendingar

Registrering av skredhendingar er eit svært viktig grunnlag for vurdering, varsling og kartlegging av skredfare.

Kunnskap om tidlegare skredhendingar gir ei betre forståing av faren for nye skred i eit område. 

Kvar kan eg registrere skred, og få oversikt over historiske skredhendingar?

DITT BIDRAG TIL SKREDREGISTRERING ER VIKTIG!

Alle kan lage en NVE-konto og bidra med registreringar via Skredregistrering.no eller Regobs. Jo fleire registreringar vi får inn, jo betre! Alle registreringar endar i den nasjonale skredhendingsdatabasen (NSDB).

Statens vegvesen er også en viktig bidragsytar som registrerar mange skred.  

I bakgrunnen ser ein sår i fjellet som vitnar om den tragiske Tafjordulukka i 1934. Men slike spor gjer oss også merksame på farane i fjellet - bør vi undersøke om det same kan skje igjen? (NVE).
I bakgrunnen ser ein sår i fjellet som vitnar om den tragiske Tafjordulukka i 1934. Men slike spor gjer oss også merksame på farane i fjellet - bør vi undersøke om det same kan skje igjen? (NVE).

Det viktigaste å registrere er:

  • Skredplassering: Kvar skredet har gått. Helst med nøyaktig skildring av kvar skredet losna, kvar det stoppa og usikkerheit til posisjonen. Les rettleiing til korleis tekne skredpolygon

  • Skredtidspunkt: Dato og klokkeslett skredet gjekk og usikkerheit til tidspunktet.

  • Skredtype: Basert på løsnemekanisme, og mest framståande mekanisme.

  • Dokumentasjon:
    • Bilete: Helst av både utløysingsområde og utløpsområde, samt skader
    • Henvisning til kjelder: artiklar, rapportar, vitner osb.

Anna som også bør registrerast, dersom du har informasjon om det:

  • Skredbeskrivelse: Oppsummere kort korleis skredet ser ut, og eventuelt skredet sitt hendelsesforløp, dersom dette er kjent.

  • Tekniske parameter: anslått skredstorleik, utløpslengde, tjukkelse på avsetningar osb.

  • Skadar: skadepunkt, tal på skadde og omkome osb. 

Jo meir nøyaktig informasjonen er, desto høgare kvalitet har registreringa, og desto større nytteverdi får den.

Skredhendingar som er registrert med god og nøyaktig informasjon, gir høg nytteverdi. Det er svært nyttig å kunne plukke ut dei gode registreringane på ein enkel måte. Difor gjennomfører vi kvalitetskontroll av registreringane og tildeler et  kvalitetsnivå. Et kvalitetsnivå er «et nivå eller kategori som tildeles en skredhendelse for å indikere hvilken kvalitet informasjonen om skredet har». Vi anbefaler å tildele kvalitetsnivå i fire nivåer, A, B, C og D ved å følge kriterier basert på tilgjengelig dokumentasjon for plassering, tidspunkt og skredtype.

Per i dag gjennomføres denne kontrollen av superbrukere i skredregistrering.no. En superbruker er «en kvalifisert bruker med skredkompetanse som har ansvar for å kvalitetssikre skredhendelser i skredregistrering.no». Les meir om kvifor og korleis vi gjennomfører kvalitetskontroll i NVE rapport 31/2020 (Devoli m. fl., 2020), eller gå rett til et eksempel i kapittel 5.1 Slik utføres en kontroll

Kvalitet A (se eksempel) må ha:

  • Eksakt plassering, eksakt tidspunkt (dato og klokkeslett) og riktig skredtype.

Kvalitet B (se eksempel) kan ha en av:

  • Eksakt plassering, eksakt tidspunkt (dato og klokkeslett) og usikker skredtype.
  • Eksakt plassering, usikkert tidspunkt (dato og klokkeslett) og riktig skredtype.

Kvalitet C (se eksempel) kan ha en av:

  • Eksakt plassering, usikkert tidspunkt (dato og klokkeslett) og usikker skredtype.
  • Usikker plassering, eksakt tidspunkt (dato og klokkeslett) og riktig skredtype.

Kvalitet D (se eksempel) har:

  • Usikker plassering, usikkert tidspunkt (dato og klokkeslett) og usikker skredtype.

 

For meir informasjon om dei ulike kvalitetsnivåa se tabell