Publisert 16.01.2009 , sist oppdatert 15.03.2024

Områdekonsesjon

Ein områdekonsesjon er eit løyve til å byggje og drive fordelingsnett med spenning opp til 22 kV innanfor eit geografisk avgrensa område.

Heile landet er delt inn i geografiske område, der eit nettselskap er gjeve løyve til å byggje og drive elektrisk fordelingsnett med spenning opp til og med 22 kV. Til dømes kan det geografiske området vere ein kommune. I nokre byar er områdekonsesjonen utvida til òg å gjelde kabelanlegg med spenning opp til 132 kV.

Etter områdekonsesjonen kan nettselskap byggje og drive kablar, luftleidningar og andre elektriske anlegg utan å foreleggje kvar enkelt sak for NVE. Det er ein forutsetnad at nettselskapa sjølve legg tiltaket fram for dei interessane som vert råka, slik som kommunar, Statsforvaltaren og grunneigarar. Det er òg eit vilkår at saka skal fremjast for NVE ved vesentlege innvendingar mot tiltaket. Her finn du NVEs rettleiar for bygging av anlegg i medhald av områdekonsesjon.

Nettselskap med områdekonsesjon har plikt til å forsyne alle kundane i sitt konsesjonsområde med elektrisk energi. Les meir om leveringsplikt. Det kan søkes om fritak frå leveringsplikta.

 

Innsending av konsesjonssøknad for områdekonsesjon

Søknader om konsesjon for områdekonsesjon sendes nve@nve.no