Publisert 09.02.2009 , sist oppdatert 03.07.2023

Fritak for leveringsplikt

Netteigarar som har områdekonsesjon har etter energilova plikt til å forsyne alle kundane i sitt konsesjonsområde med elektrisk energi. I særskilte høve kan netteigarane søke RME om å verte friteke frå denne plikta.

Noreg er delt inn i geografiske område, der det i kvart område berre er ein netteigar som har løyve til å bygge og drive elektrisk fordelingsnett med spenning til og med 22 kV. Netteigarar med ansvar for å forsyne eit geografisk område med elektrisk energi har etter energilova leveringsplikt til alle kundane i sitt konsesjonsområde.

Leveringsplikta inneheld to delar. Den eine er plikta til å knytte kundane til nettet (tilknytingsplikta), og den andre er plikta til å levere energi til kundane i samsvar med vilkåra for levering. Den som har løyve i eit område, har plikt både til å knytte kundane til det alminnelege leidningsnettet og til å selje energi til dei som ynskjer det.

Leveringsplikta inneber at netteigar sjølv må ta kostnaden ved behov for reinvestering i anlegg som forsyner etablerte kundar. Som etablert kunde skal ein med andre ord ikkje betale meir enn vanleg nettleige, uansett om ein er knytt til ein ny kraftleidning i god stand, eller ein gamal leidning som krev meir vedlikehald. Netteigar har likevel høve til å krevje anleggsbidrag dersom kunden ynskjer auka overføringskapasitet.

I nokre tilfelle kan netteigar stå framfor store kostnader i samband med rehabilitering av nett til område der innteningsgrunnlaget er lågt. Det kan då vere aktuelt for netteigaren å søke om fritak frå leveringsplikta, slik energilova opnar for.

Unntaksregelen kan berre nyttast når det å knyte seg til nettet ikkje med rimelegheit kan etablerast på vanlege vilkår. Dette kan vere aktuelt ved tilknyting til fritidsbygg, seteranlegg eller turisthytter. Unntaksregelen kan vidare nyttast der levering frå anna nettselskap er rasjonelt ut frå geografiske, tekniske eller økonomiske omsyn. Departementet har gjennom klagebehandling slege fast at tilknyting ikkje berre omfattar tilkopling av nye kundar, men òg nyinvesteringar på eksisterande samband.

I dei fleste høve vert det ikkje gjeve dispensasjon frå leveringsplikta til område med fast busetnad eller næringsverksemd. Likevel kan òg slike kundar bli råka av unntaksregelen. Ei mogeleg løysing er at netteigar opprettheld leveringa basert på ei lokal elforsyning. Kundar misser då høvet til å kjøpe elektrisk energi på den frie kraftmarknaden, men er sikra stabil elforsyning, basert på netteigaren sine ordinere tariffar.