Publisert 27.10.2015 , sist oppdatert 30.04.2026

Avbrotsstatistikk

Reguleringsmyndigheita for energi (RME) gir kvart år ut oppdatert statistikk for avbrotsdata. Statistikken er basert på årleg, fylkesfordelt innrapportering av data frå norske nettselskap. Statistikken viser avbrot som følge av hendingar (driftsforstyrringar og planlagde utkoplingar) i det norske kraftnettet. Det er publisert avbrotsstatistikkar for kvart år frå 1995 til 2025.

Avbrotstatistikken for 2026 blir publisert 30. april 2027

Brukarrettleiing: Ved å halde inne Ctrl + Venstreklikk kan du velje fleire nettselskap/fylke/sluttbrukargrupper i tabellane.

Store hendingar i kraftnettet kan ofte sjåast igjen i statistikken for avbrot i form av dårlegare leveringspålitelegheit og fleire avbrot. Ei stor hending som viser igjen i statistikken for 2025 er ekstremvêret Amy som råka Noreg i oktober 2025.

I 2025 var leveringspålitelegheita 99,982 prosent. Det vil seie at 0,018 prosent av den elektriske energien ikkje nådde fram til sluttbrukar på grunn av feil eller utkoplingar.

I snitt opplevde kvar kunde 3,7 avbrot, fordelt på 2,0 langvarige avbrot (over tre minutt) og 1,7 kortvarige avbrot (tre minutt eller kortare). Kundane var i snitt utan straum i totalt 3 timar og 33 minutt i 2025.

Tilbakemelding/spørsmål

E-post: rme@nve.no

23.01.2026: Avbrotsdata for Luostejok Nett AS for 2024 vart inkludert i statistikken. Dette medførte minimale endringar i avbrotsparametrane nasjonalt.

13.01.2026: Korrigerte ein feil for "Ikkje levert energi [MWh]" på "Sluttbrukar"-sida. Dei gamle talverdiane tilsvarte kWh og ikkje MWh. 

27.06.2025: Oppdaterte KILE-verdiar for Arva AS og Fagne AS for 2024. Andre samanstillingar (t.d. fylke) kan vera påverka.

13.06.2025: Oppdaterte verdiar for 2024 for Aktieselskabet Saudefaldene.

30.04.2025: Korrigert verdi for levert energi i 2023