Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 21.12.2022

Kraftsituasjonen veke 50, 2022

Kaldt vêr, høgt forbruk og høg produksjon

Førre veke var temperaturane i Noreg langt under normalen for veka. Dette bidrog til eit høgt kraftforbruk i heile landet. Saman med høge kraftprisar i nabolanda våre, bidrog dette til framleis høg kraftproduksjon og nettoeksport ut av Noreg i store deler av veka. Magasinfyllinga i Noreg gjekk ned med 3,6 prosenteiningar og ligg no 4,8 prosenteiningar under medianen.

Sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) hadde ein vekepris på 375 øre/kWh og tidvis timeprisar på over 600 øre/kWh. I Midt-Noreg (NO3) var vekeprisen på 250 øre/kWh, medan den i Nord-Noreg (NO4) var 158 øre/kWh. Dette er den høgaste vekeprisen i Nord-Noreg nokosinne. Lite vindkraft og høgt forbruk grunna kaldt vêr, bidrog til at Storbritannia hadde ein rekordhøg timepris på heile 3000 øre/kWh måndag kveld.

Måndag gjeninnførde Statnett systemvern på forbindelsen mellom Søraust-Noreg (NO1) og Sør-Sverige (SE3). Dette inneber at det no er full kapasitet i begge retningar på linja.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 2022 her.

Merknad: Kraftsituasjonsrapporten for veke 51 og 52 blir publisert onsdag 4. januar 2022.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 50 2022 her.

Merknad: Oppdatert datagrunnlag for nedbør og snø er nå tilgjengelig for prisområder. Les mer om dette her.

Kontaktperson

Erlend Aarskaug Rud
Epost: eaar@nve.no