Publisert 09.11.2022

Kraftsituasjonen veke 44, 2022

Mykje tilsig og lågare kraftprisar

Meir tilsig og vind ga ein auke i kraftproduksjonen i sørlege Noreg samanlikna med veka før. Det aller meste av produksjonen i sør var kraft som  ikkje kunne lagrast over lang tid. Produksjonen var høgare enn forbruket førre veke, noko som førte til nettoeksport ut av sørlege Noreg. Sjølv om det var nettoeksport, var produksjonen lågare enn tilsvarande veke dei siste ti åra. Trenden med låg produksjon for årstida har halde fram sia sommaren.  Framleis mildt vêr for årstida bidrog i tillegg til at forbruket i sørlege Noreg var lågare enn tilsvarande veke dei siste ti åra.

Mykje tilsig og relativt låg produksjon bidrog til at fyllingsgraden i sørlege Noreg har auka med 17,3 prosenteiningar dei siste seks vekene. Det er særs sjeldan at fyllingsgraden i sørlege Noreg har auka så mykje i løpet av hausen. 

Meir uregulerbar produksjon bidrog til lågare kraftprisar i Norden førre veke. I sørlege Noreg var vekesprisen 76 øre/kWh, ein nedgang på 30 prosent frå veka før. Det er over eit år sia prisen i sørlege Noreg var under 80 øre. I starten av veka var kraftprisen tidvis over 150 øre/kWh, men prisen fall gjennom veka og var under 50 øre/kWh store deler av helga.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 44 2022 her.

Vassmagasinstatistikk
Framover vil viktige endringar i vassmagasinstatistikken bli kommentert i bodskapet.

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 44 2022 her. 

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no