Publisert 30.09.2026

Kraftsituasjonen veke 39, 2026

Framleis godt med tilsig og høgare magasinfylling

NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten

Vil du bidra? Del innspela dine her

 For andre veke på rad bidrog godt med tilsig til at den samla magasinfyllinga i Noreg auka. Låg vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet bidrog til høgare kraftprisar og noko auka vasskraftproduksjon i Noreg.

Auka magasinfylling
Magasinfyllinga i Noreg samla sett gjekk opp i veke 39. Fyllinga gjekk opp i alle dei norske prisområda utanom Nord-Noreg (NO4). Auken var størst i Midt-Noreg (NO3), med 3,5 prosentpoeng. Trass auken er fyllingsgraden i Sørvest- og Midt-Noreg (NO2 og NO3) framleis låg for årstida.

Høgare kraftproduksjon og nettoeksport frå Noreg
I Noreg, Norden og store delar av Europa var det lite vindkraftproduksjon gjennom delar av førre veke. I tillegg er vi inne i ei periode med mykje vedlikehald på svensk og finsk kjernekraftverk. Ein større del av kraftforbruket måtte difor dekkjast av annan kraftproduksjon, som mellom anna vasskraft. Dette medverka til at både sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og Nord-Noreg (NO4) hadde auka vasskraftproduksjon og nettoeksport av kraft til Storbritannia, Danmark (DK1) og Nord-Sverige (SE1). 

Auka kraftprisar
Kraftprisane i Noreg auka førre veke. I sørlege Noreg og Midt-Noreg var auken driven av blant anna færre timar med låge kraftprisar i helga, samanlikna med veka før.

Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 135 øre/kWh (+15 øre/kWh frå veke 38)​
  • Sørvest-Noreg (NO2): 142 øre/kWh (+16 øre/kWh frå veke 38)​
  • Midt-Noreg (NO3): 107 øre/kWh (+7 øre/kWh frå veke 38)​
  • Nord-Noreg (NO4): 41 øre/kWh (+2 øre/kWh frå veke 38)​
  • Vest-Noreg (NO5): 135 øre/kWh (+19 øre/kWh frå veke 38)​

Høge gassprisar ​
Sjølv om det var ein nedgang i gassprisen førre veke, er gassprisane framleis på eit høgt nivå. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa og Noreg kan variere mykje frå veke til veke. Verknaden vil avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissetjande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandssambanda, særleg inn til Sørvest-Noreg (NO2).

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Lukas Trømborg Skinnarmo

Epost: lts@nve.no