Publisert 13.09.2023

Kraftsituasjonen veke 36, 2023

Lågare produksjon, forbruk og prisar

Kraftproduksjonen i sørlege Noreg var lågare førre veke samanlikna med dei tre føregåande vekene, men var framleis på eit høgt nivå for årstida. Det var størst nedgang i vasskraftproduksjonen i Sørvest-Noreg (NO2) og Vest-Noreg (NO5). Utvekslingskapasiteten mot både Sør-Sverige (SE3) og Nederland var redusert store delar av førre veke, noko som kan ha bidratt til at produksjonen falt. Disse avgrensingane ga til saman om lag 1400 MW mindre eksportkapasitet på dei to forbindingane samanlikna med veka før.

Fyllingsgraden er framleis over normalen i  Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5). Saman med lågare eksportkapasitet mot Sør-Sverige (SE3) og lågare forbruk enn veka før, bidrog det til at vekeprisen i Søraust- og Vest-Noreg gjekk ytterlegare ned. Vekeprisen var 3 øre/kWh, og ein må tilbake til 2020 for å finne ei veke med like låg pris. Vekeprisen i Sørvest-Noreg var også lågare enn veka før, men framleis betrakteleg høgare enn i resten av sørlege Noreg. I snitt var kraftprisen her 86 øre/kWh i veke 36.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 36 2023

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 36 var fyllingsgraden i magasina i Noreg på 78,7 prosent. Fyllingsgraden for Noreg er uendra frå veka før.

Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no