Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 17.08.2022

Kraftsituasjonen veke 32, 2022

Høgare produksjon og priser i sørlege Noreg

Kraftproduksjonen auka i dei tre sørlege prisområda i Noreg førre veke, men var framleis lågare enn tilsvarande veke dei siste 10 åra. NVE vedtok rapporteringskrav for ein del av vasskraftprodusentane i sørlege Noreg i juli. Ein oppsummering av rapporteringa kan lesast i eigen rapport. Etter to veker som nettoimportør, var sørlege Noreg nettoeksportør* av kraft førre veke. Sørlege Noreg har vanlegvis høgare nettoeksport på denne tida av året enn det vi så førre veke. 

Kraftprisane auka i store delar av Nord-Europa førre veke. Auka brensels- og CO2-prisar, og lågare vindkraftproduksjon enn veka før er viktige årsaker til auka i pris. Kraftprisen i Sørvest-Noreg var 352 øre/kWh førre veke, ei auke på 44 øre frå veka før. 

Nord-Noreg (NO4) og Nord-Sverige (SE1) var dei einaste prisområda i Norden som fekk ein reduksjon i kraftprisen frå veka før. Meir vindkraftproduksjon i desse prisområda og avgrensingar i nettkapasiteten ut av områda grunna vedlikehaldsarbeid, er årsaker til nedgangen i pris.

Midt-Noreg (NO3) fekk enkelte timar med kraftpris over 200 øre/kWh i helga. Lite vind og lågare importkapasitet frå Nord-Noreg er blant årsaka til  auka i pris.

* Nettoeksport er produksjon minus forbruk. Nettoeksporten for sørlege Noreg inkluderer derfor også kraftflyten mellom Midt-Noreg og sørlege Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 32 2022 (PDF).

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 32 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 

Ved utgangen av veke 32 var fyllingsgrada i norske magasin 68,4 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 78,9 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 0,4 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 89,5 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 50,1 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Silje Jelsness
Epost: sitj@nve.no