Kraftsituasjonen veke 31, 2026
Auke i fyllingsgraden førre veke, men framleis låg for årstida
NVE arbeider no med å forbetre kraftsituasjonsrapporten
Vil du bidra? Del innspela dine her
Fyllingsgraden i dei norske vasskraftmagasina auka litt førre veke, men er framleis låg for årstida i sørlege Noreg og Midt-Noreg. Meir tilsig bidrog til auka, trass meir vasskraftproduksjon i fleire av dei norske prisområda mellom anna grunna høgare kraftprisar i omkringliggjande område. Kraftprisane i Noreg og store delar av Norden gjekk ned eller var tilnærma uendra i veke 31 samanlikna med veka før. Nettoeksporten frå Noreg var noko høgare enn veka før, men låg for årstida.
Høgare magasinfylling
Etter fleire veker i juli med lite nedbør og nedgang i magasinfyllinga i sørlege Noreg, kom det meir nedbør i store delar av landet. Fyllingsgraden i dei norske vasskraftmagasina auka litt førre veke, men fyllingsgraden i Midt-Noreg og sørlege Noreg er framleis historisk låg for årstida.
I eit vêrbasert kraftsystem som det norske, er det normalt at ressurssituasjonen i vassmagasina varierer. Sjølv om fyllingsgraden gjekk opp denne veka, kan det kome veker framover med nedgang i fyllingsgraden. Skiftande nedbør og tilsigstilhøve vil gje variasjonar i magasinfyllinga gjennom hausten.
NVE har denne veka kome med ei eiga nyheitssak om kraftsituasjonen som kan lesast her:
Viktig at kraftprodusentene tar hensyn til forsyningssikkerheten - NVE
Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
- Søraust-Noreg (NO1): 116 øre/kWh (-7 øre/kWh frå veke 30)
- Sørvest-Noreg (NO2): 124 øre/kWh (-1 øre/kWh frå veke 30)
- Midt-Noreg (NO3): 79 øre/kWh (+10 øre/kWh frå veke 30)
- Nord-Noreg (NO4): 7 øre/kWh (-6 øre/kWh frå veke 30)
- Vest-Noreg (NO5): 120 øre/kWh (-3 øre/kWh frå veke 30)
Prisnedgang i Norden unnateke Midt-Noreg og Danmark
Dei gjennomsnittlege kraftprisane gjekk ned eller var tilnærma uendra i store delar av Norden samanlikna med veka før. Høg kraftproduksjon frå uregulerbare produksjonsteknologiar som sol-, vind- og elvekraft bidrog til dette. Vindkraftproduksjonen samla sett for Norden var på eit høgt nivå for årstida for andre veke på rad. Unnateke til prisnedgangen var Midt-Noreg (NO3) og Danmark (DK1 og DK2), der vekeprisane auka med om lag med 10 øre/kWh frå veka før.
Meir tilsig og meir vindkraft bidrog til auka kraftproduksjon i Midt-Noreg samanlikna med veka før. Auken var størst innan vasskraftproduksjon med inga eller lita reguleringsevne, men også produksjonen frå vindkraft og regulerbar vasskraft auka. Ein annan årsak var at delar av forbindelsen mellom Midt- og Vest-Noreg (NO3 og NO5) var tilbake frå vedlikehald. Dette auka utvekslingskapasiteten og bidrog til høgare kraftprisar og auka eksport. Sjølv om vasskraftproduksjon auka, var nivået framleis låg for årstida.
Nettoeksporten frå Noreg auka frå førre veke, men er låg for årstida
Kraftproduksjonen auka i Noreg samla førre veke. Auka produksjon kjem av at det kom meir nedbør, og av ferdigstilling av vedlikehaldsprosjekt i nettet, noko som mogleggjorde meir eksport. Dette bidrog mellom anna til at meir kraft kunne transporterast sørover til kontinentet der etterspurnaden var høgare. Auka solkraftproduksjon på kontinentet samanlikna med veka før vog ikkje opp for lågare vindkraftproduksjon, og produksjon frå dyrare fossile teknologiar auka i fleire land for å dekkje kraftetterspunaden. Dette bidrog til høgare kraftprisar på kontinentet.
Kraftforbruket i Noreg var tilnærma uendra mellom veke 30 og 31, noko som gav ein auke i nettoeksporten frå Noreg. Trass auke i nettoeksporten frå Noreg samanlikna med veka før, var nivået relativt lågt for denne tida av året.
Merknad
Det manglar data for kraftproduksjon- og -forbruk i Finland for tre timer 28.juli, samt tre enkelttimer for kraftforbruk i Danmark (DK1 og DK2). Data er erstatta med prognosetal.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.