Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 26.05.2020 , sist oppdatert 23.06.2021

Skredhendingar

Registrering av skredhendingar er eit svært viktig grunnlag for vurdering, varsling og kartlegging av skredfare.

Kunnskap om tidlegare skredhendingar gir ei betre forståing av faren for nye skred i eit område. 

Etter ulykka i Lodalen (1905): eit fjellskred med påfølgjande flodbølgje tok livet av 61 personar i den vesle bygda. I 1936 skjedde det igjen. Denne gongen med 74 tap av menneskeliv. 

Kvar kan eg registrere skred, og få oversikt over historiske skredhendingar?

I bakgrunnen ser ein sår i fjellet som vitnar om den tragiske Tafjordulukka i 1934. Men slike spor gjer oss også merksame på farane i fjellet - bør vi undersøke om det same kan skje igjen? (NVE).
I bakgrunnen ser ein sår i fjellet som vitnar om den tragiske Tafjordulukka i 1934. Men slike spor gjer oss også merksame på farane i fjellet - bør vi undersøke om det same kan skje igjen? (NVE).

Kva slags informasjon er viktig å registrere?

Det viktigaste å registrere er:

  • Skredplassering: Kvar skredet har gått. Helst med nøyaktig skildring av kvar skredet losna, og kvar det stoppa.

  • Skredtidspunkt: Dato og klokkeslett skredet gjekk.

  • Skredtype: Basert på løsnemekanisme, og mest framståande mekanisme.

  • Skredareal: Kor breitt og langt skredet var.

  • Dokumentasjon:
    • Bilete: Helst av både utløysingsområde, skredbane og utløpsområde, samt skader
    • Henvisning til kjelder: artiklar, rapportar, vitner osb.

Anna som også bør registrerast, dersom du har informasjon om det:

  • Skredbeskrivelse: Oppsummere kort korleis skredet ser ut, og eventuelt skredet sitt hendelsesforløp, dersom dette er kjent.

  • Tekniske parameter: Skadar, anslått skredstorleik, utløpslengde, tjukkelse på avsetningar osb.

  • Skredareal: Kor breitt og langt skredet var.

Jo meir nøyaktig informasjonen er, desto høgare kvalitet har registreringa, og desto større nytteverdi får den.

Kvalitetskontroll av skredregistreringar

Skredhendingar som er registrert med god og nøyaktig informasjon, gir høg nytteverdi. Det er svært nyttig å kunne plukke ut dei gode registreringane på ein enkel måte. Difor gjennomfører vi kvalitetskontroll av registreringane. 

Les meir om kvifor og korleis vi gjennomfører kvalitetskontroll.