Klosterfoss kraftverk, opprusting og utvidelse

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Registreringsnummer
6788
Saksnummer
201004685
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
29.08.2012
Tiltakshaver
SKIEN KRAFTPRODUKSJON AS
Fylke
Telemark
Kommune
Skien
Vassdragsområde
016.A222
Søkt produksjon
9,00 GWh

NVE gjev Skien Kraftproduksjon AS løyve til å auke installert effekt og slukeevne i Klosterfoss kraftverk i Skien kommune i Telemark. Kraftverket vil få ein auke i årleg produksjon på omlag 9 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 450 husstandar.

Skien Kraftproduksjon AS har i melding til NVE bedt om vurdering av konsesjonsplikt av planar om å auke slukeevna i Klosterfoss kraftverk i Skien med 33 prosent. Den planlagde auken kjem i forbindelse med at turbinar og generatorar skal skiftast ut.  Skiensvassdraget har, slik NVE ser det, stor verdi for laks, sjøaure og ål. Eksisterande Klosterfoss kraftverk er konsesjonsfritt. For at NVE skal ha moglegheit til å følgje opp nødvendige tiltak, har vi gjennomført ei forenkla konsesjonsbehandling knytt til den meldte utvidinga.

NVE meiner at vassmiljøet kan ivaretakast på ein god måte med slepp av tilstrekkelig minstevassføring over ei av flomlukene og i nye fiskepassasjar forbi inntaket. Vatnet skal sleppast i utvandringsperioden for laks, sjøaure og ål. NVE meiner at med dei fastsette vilkåra er fordelane ved å bygge kraftverket større enn skadane og ulempene for allmenne interesser. Vi gjev difor løyve til opprusting og utviding av Klosterfoss kraftverk.