420 kV spenningsoppgradering Sogndal-Aurland og Sogndal-Hove-Ramnaberg

  1. Fullført Under behandling
  2. Fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
201305024;202106011
Status
Konsesjon gitt
Dato
09.06.2020
Fylke
Vestland
Kommune
Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i juni 2020 gitt Statnett AS løyve til å bygge nye 420 kV kraftleidningar mellom Aurland-Sogndal og Sogndal-Hove (Ramnaberg). I Mars 2022 godkjente NVE Statnett AS miljø-, transport og anleggsplan (MTA) for dei nye kraftleidningane. NVEs vedtak finnast i dokumenta til høgre.

Statnett fekk den 09.06.2020 løyve til å bygge nye 420 kV kraftleidningar mellom Aurland og Sogndal, og Sogndal og Ramnaberg. Dei eksisterande 300 kV leidningane på same strekningar skal fjernast. Nye leidningar skal hovudsakeleg etablerast parallelt med dei gamle leidningane, men vil byggas i  heilt nye spenn over Vassbygdevatnet og Sogndalsfjorden. Trasé for kryssing av Sogndalsfjorden blei klaga på. Olje- og energidepartementet (OED) fatta endeleg vedtak 22.02.22.

Grunngjevinga for løyve av 09.06.2020 er hovudsakleg behovet for å auke overføringskapasiteten på kraftleidningane. I tillegg er fjordspennene over Sogndalsfjorden og Sognefjorden gamle og det er nødvendig å bytte desse ut. Når dei nye nettanlegga er bygget, vil om lag 65 kilometer med dei gamle leidningane fjernast. NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka.

Ein MTA er ein plan for korleis anlegget skal byggast for å ta i vare krava i konsesjonen. MTA skal og konkretisere korleis Statnett skal bygge og drive anlegget, slik at miljø og landskap bli teke best mogleg i vare. 
NVEs sakshandsamar på MTA: Inger Helene Riddervold. 

NVE har 12. juni 2023 fatta vedtak om oreigning for gjenværande eigedommar i Sogndal kommune langs traseen til ny kraftleidning mellom Hove og Sogndal.