Kraftsituasjonen veke 7, 2026
Høgare kraftprisar og nettoimport
I veke 5 publiserte NVE ein vurdering av forsyningstryggleiken denne vinteren, kor me mellom anna kommentera den låge snømengda i fjellet i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og i Midt-Noreg (NO3). Du kan lese nyheitssak her.
Større prisskilnadar mellom Norden og store delar av Europa
Dei siste vekene har kraftsituasjonen vore prega av høge kraftprisar i Norden og eit lågare prisnivå i fleire av landa på kontinentet. Mykje av årsaka til dette er høgt forbruk og lite vindkraft i Norden, medan det har vore meir normalt med vind på store delar av kontinentet. Førre veke var det også fleire periodar med kraftprisar rundt null i Spania og Frankrike. Dette ga prissmitte nordover på kontinentet, og tidvis høg import til Sørvest-Noreg (NO2) og Jylland (DK1).
Auka kraftprisar i Noreg
I veke 7 var dei gjennomsnittlege kraftprisane høgare enn veka før i alle dei norske prisområda. Ei viktig årsak til prisauken var lågare vindkraftproduksjon både i Noreg og Norden. Dette medverka til at kraftprisane i ein større del av tida vart påverka av dei høge prisnivåa i Finland og Baltikum. Prisoppgangen var liten i Sørvest-Noreg (NO2) og Jylland (DK1). Import frå Storbritannia og nord på kontinent ga flaskehalsar mot områda ikring. Dette bidrog til at kraftprisane i Sørvest-Noreg (NO2) og Jylland (DK1) i mindre grad vart påverka av dei høge kraftprisane i resten av Norden.
Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 7:
- Søraust-Noreg (NO1): 150 øre/kWh
- Sørvest-Noreg (NO2): 125 øre/kWh
- Midt-Noreg (NO3): 147 øre/kWh
- Nord-Noreg (NO4): 143 øre/kWh
- Vest-Noreg (NO5): 145 øre/kWh
Andre veke med nettoimport
Trass høgare kraftprisar var vasskraftproduksjonen på omtrent same nivå som veka før. Saman med høgt kraftforbruk, bidrog dette til norsk nettoimport for andre veke på rad. Kombinasjonen av låg vindkraftproduksjon og høgt kraftforbruk som følgje av låge temperaturar medverka til at òg Norden samla hadde nettoimport i veke 7. Førre gong Norden hadde nettoimport over ei veke var i veke 1 i 2024.
Merknad
Det manglar nokre data for dansk vindkraftproduksjon frå veke 3 og fram til rapporten for denne veka. Dette påverkar figurar og tabellar i rapporten.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.