Publisert 22.02.2023

Kraftsituasjonen veke 7, 2023

Mildt vêr og lågt forbruk

Mildt vêr i heile landet bidrog til at kraftforbruket gjekk ned i førre veke. Med uendra kraftproduksjon frå veka før, gav det ei auke i nettoeksporten av kraft. I sørlege Noreg ligg forbruket av kraft framleis på eit lågt nivå for årstida .Vindkraftproduksjonen i Norden og Tyskland var låg i starten av veka, men stormen Otto ga ein kraftig auke i vindkraftproduksjonen inn mot helga. Dette ga  spesielt mykje vind i Tyskland, og lågare kraftprisar nord på kontinentet og sørlege Noreg på fredag. Vekeprisen i Søraust- og Sørvest-Noreg (NO1 og NO2) var 114 øre/kWh, medan den var 105 øre/kWh i Vest-Noreg (NO5).

I Midt-Noreg (NO3) auka kraftprisen med om lag 10 øre/kWh frå veka før, og enda på 43 øre/kWh. Periodar med lite vind på onsdagen, ga timar med pris opp mot 100 øre/kWh, noko som bidrog til auke i vekeprisen I Nord-Noreg (NO4) var kraftprisen tilnærma uendra frå veka før, og enda på 27 øre/kWh.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 2023 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 7 2023 her.

 

Kontaktperson

Mathias Nipen
Epost: jmtn@nve.no