Publisert 11.02.2026

Kraftsituasjonen veke 6, 2026

Nettoimport av kraft og lågare kraftprisar

I veke 5 publiserte NVE ein vurdering av forsyningstryggleiken denne vinteren, kor me mellom anna kommentera den låge snømengda i fjellet i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og i Midt-Noreg (NO3). Du kan lese nyheitssak her.

Lågare kraftprisar
Sist veke gjekk dei gjennomsnittlege kraftprisane ned i alle dei norske prisområda, bortsett frå i Nord-Noreg (NO4). Eit lågare prisnivå på kontinentet bidrog til nedgangen, og dei høge prisane  på dagtid vart noko lågare enn i veka før. Nord-Noreg (NO4) var det einaste prisområdet i Noreg der gjennomsnittleg kraftpris auka frå veka før. Her var prisen fortsett blant dei lågaste i Nord-Europa. Kraftprisane i dei andre norske prisområda låg nært prisane på kontinentet i store delar av veka.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 6:

  • Søraust-Noreg (NO1): 126 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 122 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 126 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 109 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 126 øre/kWh

Lågare vasskraftproduksjon
Samla kraftproduksjon i Noreg gjekk ned i veke 6, særleg frå vasskraftverk med magasin. Nedgangen var størst i Sørvest-Noreg (NO2). Eit lågare prisnivå generelt og mindre høge kraftprisar på dagtid medverka til at regulerbar produksjon minka. Vidare bidreg lågare magasinfylling og mindre snø i fjella til at vasskraftverk med magasin kan redusere produksjonen og spare på vatn til periodar med høgare kraftprisar.

Første veke i år med nettoimport
Fortsett kjøleg vêr bidrog til at norsk kraftforbruk heldt seg tilnærma uendra frå veka før. Kombinert med nedgangen i kraftproduksjon, resulterte dette i at kraftimporten til Noreg vart litt større enn krafteksporten. Dermed vart veke 6 den første veka i år der Noreg var nettoimportør av kraft. I periodar med import vil prisane i Noreg som oftast vere høgare enn det dei er i landa det blir importert frå.

Merknad
Det manglar nokre data for dansk vindkraftproduksjon frå veke 3 og fram til rapporten for denne veka. I tillegg manglar det nokre data for dansk kraftforbruk i veke 5. Dette påverkar figurar og tabellar i rapporten.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Ole Kristian Ådnanes

Epost: okad@nve.no