Publisert 15.02.2023

Kraftsituasjonen veke 6, 2023

Rekordhøg vindkraftproduksjon i Norden

Det vart installert 4600 MW ny vindkraft i Norden i 2022*, og førebelse tal viser at vindkraftproduksjonen i Norden var den høgaste over ei veke nokosinne i veke 6. Produksjonen var på om lag 2,8 TWh. Det var særleg i Sverige og Finland at det vart produsert mykje vindkraft. Den høge vindkraftproduksjonen bidrog til lågare kraftprisar i Sverige og Finland, og i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4). Vekeprisane i Midt- og Nord-Noreg gjekk ned med rundt 50 prosent førre veke, og var høvesvis 33 og 25 øre/kWh. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen om lag 117 øre/kWh. Det er på same nivå som veka før.  

Mildare vêr i heile landet bidrog til ein nedgang i kraftforbruket førre veke. Kraftforbruket er lågt for årstida, særleg i sørlege Noreg. Kraftproduksjonen var derimot på nivå med veka før, så nettoeksporten frå Noreg auka. Vasskraftproduksjonen gjekk noko ned, medan vindkraftproduksjonen gjekk opp, og stod for 13 prosent av den samla kraftproduksjonen i Noreg.

*Les meir i kvartalsrapporten for kraftsituasjonen

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 6 2023 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 6 2023 her.

 

Kontaktperson

Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no