Publisert 04.02.2026

Kraftsituasjonen veke 5, 2026

Auka kraftprisar og redusert nettoeksport

I førre veke gjekk magasinfyllinga ned i samtlege prisområde i Noreg, noko som er normalt for årstida. Samstundes som magasinfylling har gått ned, har det denne vinteren kome rekordlite snø i fjellet i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) og i Midt-Noreg (NO3). På same tid har områda i sørlege Noreg ein fyllingsgrad som ligg under historisk median. I samband med publiseringa av vekerapporten har NVE òg publisert ei eiga nyheitssak som kommenterer dette.

Auka kraftprisar og redusert nettoeksport

Auka kraftprisar og kraftforbruk
I veke 5 gjekk dei gjennomsnittlege kraftprisane opp i alle dei norske prisområda, bortsett frå i Nord-Noreg (NO4). Dei auka vekeprisane heng mellom anna saman med  ein monaleg oppgang i kraftforbruket, som følgje av kaldare vêr enn normalt. Høg vindkraftproduksjon nord i Norden (NO4, SE1, SE2 og Finland) gjennom helga bidrog til periodar kor kraftprisen var lågare i Nord-Noreg enn i resten av Noreg.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 5:

  • Søraust-Noreg (NO1): 141 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 135 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 138 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 103 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 139 øre/kWh

Redusert nettoeksport frå Noreg
I likskap med dei siste vekene, var det høg produksjon frå vasskraft i Noreg. Kraftproduksjonen i Noreg samla var omtrent uendra frå veke 4 til veke 5. Sidan kraftforbruk gjekk opp og kraftproduksjon var tilnærma uendra, vart nettoeksporten frå Noreg redusert samanlikna med veka før.

Høgare vindkraftproduksjon
Det var høgare vindkraftproduksjon i dei andre nordiske landa i veke 5 enn i veka før. Oppgangen skuldast både betre vindforhold og mindre avgrensingar av produksjon grunna ising på vindturbinane.

Merknad
Det manglar nokre data for dansk vindkraftproduksjon frå veke 3 og fram til vekas rapport. I tillegg manglar det nokre data for dansk kraftforbruk i veke 5. Dette påverkar figurar og tabellar i rapporten.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no