Publisert 08.02.2023

Kraftsituasjonen veke 5, 2023

Prisskilnad mellom Midt- og Nord-Noreg

Kaldare vêr førte til ein auke i kraftforbruket i Noreg førre veke. Forbruket er likevel lågt for årstida. Kraftproduksjonen var på 3,4 TWh, ein reduksjon på 8 prosent frå veka før. Som i dei to føregåande vekene var Noreg nettoeksportør av kraft, men eksporten var klart lågare denne veka. Høg vindkraftproduksjon i Danmark og Tyskland, spesielt i starten av veka, gav lågare prisar og import av kraft frå kontinentet.

I dei tre prisområda i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) var vekeprisen på omlag 115 øre/kWh, ein reduksjon på 20 prosent frå veka før. Nord-Noreg (NO4) hadde den lågaste vekeprisen i Noreg med 46 øre/kWh, medan prisen i Midt-Noreg (NO3) var på 70 øre/kWh. Høgare forbruk og ein nedgang i vindkraftproduksjon, bidrog til at prisen i Midt-Noreg var høgare enn i Nord-Noreg. Kapasiteten på overføringsforbindingane frå Nord- til Midt-Noreg og Sverige vart utnytta maksimalt nesten heile veka.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 5 2023 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentane for veke 5 2023 her.

 

Kontaktperson

Ingrid Bjørshol Holm
Epost: ibho@nve.no