Publisert 21.09.2022

Kraftsituasjonen veke 37, 2022

Lågare prisar og vedvarande nettoimport til sørlege Noreg

Kraftprisane fall i store delar av Nord-Europa førre veke. Ein viktig årsak til dette var høg produksjon av vindkraft. Mykje vindkraft kombinert med lågare forbruk i helga ga periodar med særs låge prisar nord på kontinentet. Tyskland hadde nesten nullprisar i enkelte timar på laurdagen. Mykje fornybar kraft på kontinentet bidrog til at sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) også denne veka var nettoimportør av kraft. Noreg har no vore nettoimportør dei siste tre vekene.

Kraftproduksjonen i sørlege Noreg er framleis svært låg for årstida. Vekeprisen i sørlege Noreg var på 325 øre/kWh førre veke. Dette var ei reduksjon på 20 prosent frå veka før. Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) hadde vekepriser på høvesvis 68 og 60 øre/kWh. Måndag morgon hadde Midt-Noreg ein timepris på over 450 øre/kWh. Lite vind, høgt forbruk på morgonen og høge prisar i Nord-Sverige var blant årsakane til dette.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 37 2022 (PDF).

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 37 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 
Ved utgangen av veke 37 var fyllingsgrada i norske magasin 68,1 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 83,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 0,7 prosenteiningar. Nord-Noreg (prisområde 4) hadde høgast magasinfylling med 89,0 prosent, medan Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 50,6 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Førstekonsulent Erlend Aarskaug Rud
Epost: eaar@nve.no