Publisert 10.08.2022

Kraftsituasjonen veke 31, 2022

Høge kraftprisar, låg produksjon og nettoimport til sørlege Noreg

Vasskraftproduksjonen i Sørvest-Noreg gjekk ytterlegare ned førre veke, og er nå på eit svært lågt nivå for årstida. Kraftproduksjonen i Sørvest-Noreg var den lågaste som har vore i veke 31 dei siste 10 åra. Trenden med låg produksjon i Sør-Noreg har nå vart gjennom fleire veker.  

For andre veke på rad var sørlege Noreg  nettoimportør av kraft, og førebelse tal viser at nettoimporten auka frå 61 GWh i veke 30 til 155 GWh i førre veke. På denne tida av året er det normalt nettoeksport over ei veke i dei  sørlege prisområda i Noreg*. Nettoeksporten frå Sør-Noreg har så langt i år vore på 1,6 TWh, som er den nest lågaste dei siste ti åra.

I veke 31 var vekeprisen i Sørvest-Noreg (NO2) 309 øre/kWh, ein nedgang på 4 prosent frå veka før. Det er framleis ein svært høg vekepris, og den nest høgaste nokosinne, berre slått av veke 30. I Søraust- og Vest-Noreg (NO1 og NO5) auka vekeprisen til 226 øre/kWh, noko som også er den nest høgaste vekeprisen i desse prisområda nokosinne. Berre i veke 51 i fjor var vekeprisen høgare. Kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) er framleis svært låge. Vekeprisen i desse områda var 1,7 øre/kWh førre veke.

Dei høge kraftprisane heng saman med den låge kraftproduksjonen og det svært høge prisnivået i landa Noreg har mellomlandsforbindingar til. At kraftprisane følgjer prisnivået til nabolanda, er eit uttrykk for at fleire vasskraftprodusentar sparar på vatnet og verdset det høgt. Når kraftprodusentane sparer på vatnet, blir kraftproduksjonen lågare gjennom veka. Dermed blir det også mindre eksport. Kraftprisane vil då i større grad bli påverka av kraftprisane i nabolanda våre.

Fyllingsgraden i magasina i Sør-Noreg forsette å auke, også  i veke 31. I Søraust- og Sørvest-Noreg auka  fyllingsgraden med 1,1 prosentpoeng, men den er framleis på eit lågt nivå for årstida. Fyllingsgraden i Vest-Noreg auka med 3 prosentpoeng og er nå godt over både historisk minimum og fjorårets nivå, men framleis  6,2 prosentpoeng under medianen for veka.

* Nettoeksport er produksjon minus forbruk. Nettoeksporten for sørlege Noreg inkluderer derfor også kraftflyten mellom Midt-Noreg og sørlege Noreg.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 31 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk 

Ved utgangen av veke 31 var fyllingsgraden i norske magasin 67,9 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 77,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,4 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Midt-Noreg (NO3) med 88,9 prosent, mens Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 50,4 prosent.

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kontaktperson

Hege Kvandal
Epost: hekv@nve.no